Jens_Andreas_Friis.jpg

Friis reiste mykje som språkforskar, i både Finnmark, Nord-Finland og på Kolahalvøya. Men frå ungdomsåra finst det ei dagbok etter Friis, der me får innblikk i reisene han som ung student gjorde til og frå heimstaden i Førde, og interessa hans for friluftsliv. 

Les meir om desse reisene og om dagboka til Friis i Kulturhistorisk leksikon.

I dag reknast Friis som vår første professor i samiske språk, og det var han som la grunnlaget for den samiske språkvitskapen mellom anna med si ordbok frå 1887. Han var dessutan skjønnlitterær forfattar, teolog, friluftsmann og oversettar. Romanen «Fra Finmarken. Skildringer» frå 1881, betre kjend under namnet «Lajla», har vorte filmatisert tre gonger og oppført som opera i 1908. 

Les meir: 

 

Ingressbilete: Frå venstre, bakerste rekke: John Joks, Lars Ante, Gunnil Magga, John Magga, Lars Joks (kvinna som står heilt bakerst er uidentifisert). Frå venstre, foran: Aslak Sire, Hans Githe, Sam Magga, Sam Sam Magga, Per Joks (mellom bakerste og fremste rekke), Nils Orbes og Nils Joks. Brukt i boka: "En Sommer i Finmarken, russisk Lapland og Nordkarelen : skildringer af Land og Folk / J. A. Friis." 

Bilete: Jens Andras Friis (1888), fotograf ukjend.