Prosjektet hadde to delar. Først vart det gjennomført ein analyse av eigen arkivbestand. I tillegg har det blitt skrive ein samfunnsanalyse som freistar å framheve dei viktigaste særkjenna ved fylket og kvar kommune, med særskild vekt på næringsaktivitet. Når dei to delane vert sett i samanheng, vil ein kunne sjå manglar i samfunnsdokumentasjonen. Rapporten kan du lese her:
Verneplan.pdf

Målet for verneplanen var å stake ut ein kurs for arbeidet med privatarkiv. Likevel er ikkje denne kursen hogd i stein og uforanderleg. Vern av privatarkiv vil òg vere prega av ein god del skjøn. Dersom du har synspunkt på verneplanen, eller har meiningar om arbeidet med privararkiv, set vi difor stor pris på at du gjev oss ei tilbakemelding: per.olav.boyum@sfj.no

Ei av fruktene frå verneplanarbeidet er at alle privatarkiva vi oppbevarer no har blitt lagt ut på Arkivportalen, ei nasjonal teneste der det er mogeleg å søke på tvers av arkivinstitusjonane sine katalogar. Nedanfor følger eit oversyn over privatarkiva frå kommunane i Sogn og Fjordane:

Askvoll
Aurland
Balestrand
Bremanger
Eid
Fjaler
Flora
Førde
Gaular
Gloppen
Gulen
Hornindal
Hyllestad
Høyanger
Jølster
Leikanger
Luster
Lærdal
Naustdal
Selje
Sogndal
Solund
Stryn
Vik
Vågsøy
Årdal