Skulen min og Digitalarkivet
Fylkesarkivet ønskjer å vidareutvikle skulenmin.no til å inkludere Digitalarkivet som kjelde til skulehistorisk arkivmateriale. Skulen min starta som eit prosjekt i gamle Sogn og Fjordane i 2015, og er i dag eit satsingsområdeinnanfor digital kulturformidling i Vestland fylkeskommune. I 2021 ønskjer vi å:
a) digitalisere skulearkiv og publisere dei på Digitalarkivet,
b) registrere og indeksere metadata for å gjere materialet søkbart, og
c) få på plass ei vising av digitalisert materiale publisert på Digitalarkivet i portalen skulenmin.no.
Eit viktig punkt i det opphavlege prosjektet varat det skulle ha overføringsverdi, og at den tekniske løysinga kunne utvidast til å inkludereandre geografiske regionar. Fleire arkivinstitusjonar har vist si interesse for å kople seg på prosjektet, og i 2020 har IKA Hordaland teke initiativ til eit samarbeid om skulenmin.no. IKA Hordaland har allereie digitalisert mykje skulearkiv, har skrive artiklarpå Wikipedia/LokalhistorieWiki, og vil både laste opp digitalisert materiale på Digitalarkivet og kople seg på skulenmin.no. Dette passar godt med Fylkesarkivet i Vestland sine prioriteringar i tida framover. Vi gler oss til vidare skulehistorisk samarbeid i 2021.
Bevaringsplan for privatarkiv i Vestland
Det nye fylkesarkivet i Vestland fylke skal vere koordinerande ledd for privatarkivarbeidet i regionen. Denne rolla vil mellom anna innebere at vi skal arbeide for at dei einskilde aktørane på privatarkivområdet samordnar si verksemd når det gjeld innsamling av privatarkiv. Fylkesarkivet skal samtidig vere ein oppbevaringsinstitusjon for privatarkiv i Vestland fylke.
Fylkesarkivet vil utarbeide ein plan for bevaring og innsamling av privatarkiv i Vestland fylke. Hovudføremålet med planen er å sikre ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon.
Ut i frå denne målsettinga vil prosjektet bli inndelt i tre hovudområde:
a) Bestandsanalyse,
b) Samfunnsanalyse og
c) Samanstille og analysere resultata frå bestandsanalysen og samfunnsanalysen og utarbeide ein bevaringsplan som peiker på kva private samfunnsområde som bør dokumenterast for ettertida.
Dette arbeidet fekk støtte og starta opp i 2020. Midlane for 2021 er til del 2 av prosjektet.
Arkivverkets utviklingsmidlar
- Digitalarkivet i eit økosystem
- Digitalt skapte privatarkiv
- Bevaring og digitalisering av privatarkiv
Arkivverket fekk 76 søknader på til saman 30,8 millioner kroner. Søkarane var museum, kommunar, byarkiv, fylkesarkiv, interkommunale arkiv, med meir. Til saman 12 millioner har vorte delt ut til seks prosjekter innanfor innsatsområdet «Digitalarkivet i et økosystem», to digitalt skapte privatarkiv og resten til prosjekt for bevaring og digitalisering av privatarkiv. Les meir på Arkivverket si heimeside.