To skuledagar på fylkesarkivet
Denne gongen var dei to heile skuledagar ved fylkesarkivet, og eit viktig læringsmål var å lage ein presentasjon om "Bygda mi". På førehand hadde dei hatt ei innføring i historia til bygda av ein lokalhistoriekunnig, og hadde difor litt bakgrunnskunnskap og idear i ryggsekken då dei kom til oss. I tillegg fekk dei innføring i kva vi på fylkesarkivet jobbar med, presentasjon av nettsidene våre og gode søketips. Etter ein tur i ordningsrom og magasin der det var mykje å lære, sjå og kommentere, bar turen attende til Firdasalen og lesesalen vår. For no skulle det jobbast med presentasjonen.
Flittige og kreative elevar
Vi hadde på førehand laga oppgåver med litteratur- og kjeldetips, og mange valde desse oppgåvene, medan andre hadde funne seg tema og oppgåver på eiga hand. Hos oss kunne dei retteleg boltre seg i litteratur og nettbaserte kjelder, og fire av staben vår hjelpte til så godt vi kunne. Dei var ivrige og spørsmåla var mange. Kreativiteten var stor, og spennet i emnevalet likeeins. Her vart det skrive om Harald Hårfagre, vassforsyninga i bygda, livet ved Sogns Barneheim, skyttarlaga, den gamle industrien i bygda og mykje anna.
Vi tippar det vart mange flotte presentasjonar, og håper at elevane tykte opphaldet her var så inspirerande at dei i framtida kjem att som lesesalsgjester. Kanskje ein og anna også vel fylkesarkivet som arbeidsplass i framtida? Kven veit?