Samla bygdefolket

Før industrien kom var Høyanger ei lita, avstengd jordbruksbygd. Kring 1890 hadde bygda vel 120 innbyggarar, og det var her, i 1893 at Høyanger Ungdomslag vart skipa. Med industrien sitt inntog frå 1916, gjekk bygda gjennom ei totalendring. På få år vart folketalet over tidobla og Høyanger var ikkje lenger ei jordbruksbygd, men ein industristad. Dette medførte sjølvsagt store endringar for bygdefolket. I forsøket på å verne om det som ein gong var, slo dei ring kring ungdomslaget. Det vart ståande som representant for det opphavlege bygdesamfunnet opp mot den framveksande industristaden og arbeidarkulturen.

Valhall vert bygd

Det å kunne drive eit lag, føreset at ein har skikkelege lokale. Reisinga av eige hus hadde difor vore diskutert mange gonger, men ein kom fram til at dette var ei økonomisk umogeleg oppgåve. Arbeidarane hadde alt i 1917 fått reist sitt Folkets Hus, og det var som ein reaksjon på det "ville" livet her at Høyanger Ungdomslag i 1918 sette ned ei bygningsnemd. Dei hadde då fått ei tomt i gåve, og byggmeister Vattekar fekk arbeidet med å reise huset som fekk namnet "Valhall". 4. februar 1922 vart det halde ein stor innviingsfest.

Desse to avsnitta er henta frå ein artikkel i Kulturhistorisk leksikon av Kristine Kopperud Timberlid. Les heile artikkelen: Ungdomshuset Valhall

Frå arkivet

Fylkesarkivet har arkivet etter Høyanger Ungdomslag. Dette arkivet inneheld møtebøker, korrespondanse, saksdokument, handskrive lagsblad og rekneskap. Det som manglar er den aller første møteboka.

I tillegg til dette kan ein finne fleire bilete av ungdomshuset, både interiør og eksteriør, i webarkivet vårt

Valhall_dansegruppe_SFFf-1992050_SFFf-1992050.0099.jpg.iCf-2LjAMYAZAA.u9pPfSRohp.jpgBiletet viser born på danseskulen til Ruth Tangen Wormsen i Valhall i 1934. Fotograf frå Høyanger Verk. ArkivrefSFFf-1992050.0099