Aurland skyttarlag inviterte til stemne på skytingens dag den 6. juni 1971. Dei inviterte var Aurland formannskap, styret i Aurland sparebank og grunneigarane til skytebana. Bakgrunnen for invitasjonen var takk for god hjelp med arbeidet fram mot nytt skyteanlegg i Aurland. No var skyttarlaget ivrige etter å vise fram resultatet med ein vennskapeleg konkurranse på 100 meter bana. Skyttarlaget skulle ordne med utstyr og gevær, og dei dekka sjølvsagt ammunisjonen. 

Invitasjonen må ha vore gledelig motteke på formannskapsmøtet, og svaret lyt gjengjevast heilt her: 

Aurland Skyttarlag

v/herr Kåre Veum

Aurland

 

Aurland formmanskap har motteke Dykkar hyggelege invitasjon på skytingens dag den 6. juni.

Det vart ingen stor debatt om denne saka i formannskapet, jamvel om det var dei som meinte at formannskapet har meir trening som skyteskive enn som skyttarar. Andre meinte at det sit dei i formannskapet og, som kan fyra av ei salve om det trengst, og som ikkje finn det turvande å spara på krutet. Han som meinte at dette kom for tidleg på avdi formannskapet enno ikkje har lukkast med tilsetjing av bom-vakter, vart dyssa ned. 

Kontorsjefen gjorde krav på å få vera med på formannskapet sitt lag, og under dissens vart han utnemnd til aller siste reserve på laget. Vedtaket om å ta imot innbydinga med takk, vart samrøystes vedteke.

Aurland formannskap

 

 

Det hadde vore interessant å finne ut korleis det gjekk på stemnet, men det har vi ikkje klart å finne fram til. Er det kanskje nokon som veit noko? I so fall, ta gjerne kontakt med oss.