Vi lyser ut tre faste stillingar og er på jakt etter ein inspirert IT-arkivar, ein systematisk depotansvarleg og ein engasjert fagleiar. Søknadsfrist er 16. april.

Alle tre stillingane er knytt til handsaming av eldre og avslutta kommunale arkiv, som skal sikrast, bevarast og formidlast.

Fagleiar

Fagleiaren skal leie fagleg utviklingsarbeid og ta del i strategisk arbeid knytt til kommunearkivordninga som tenesteleverandør og kompetanseinstitusjon. Fagleiar har også personalansvar, skal jobbe med drift og koordinering av oppgåver, samt ta aktivt del i den daglege verksemda og kontakten med kommunane og fylkeskommunen. Meir informasjon om stillinga og søknadsskjema finn du her.

IT-arkivar

IT-arkivaren skal ha ansvar for elektroniske arkiv og skal følgje opp og rettleie i bruk av arkivsystem knytt til desse. Meir informasjon om stillinga og søknadsskjema finn du her.

Depotansvarleg

Arkivaren med ansvar for deponerte papirarkiv skal planlegge drift av depotet og vere med på å utvikle tenester og løysingar, som gjer at arkiva vert tilgjengelege for alle. Meir informasjon om stillinga og søknadsskjema finn du her.

Arbeidsstad Sogn

Arbeidsstad er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.

Fylkeshuset-Leikanger-SSF-05284- Foto_Morten__Wanvik.JPG

Meir informasjon

Dei tre stillingane er ein del av Kommunearkivordninga KO, som yter rådgjevingstenester og er arkivdepot. Vestland fylkeskommune er vertskap for ordninga og har personalansvaret for dei tilsette. Ordninga er lagt til avdeling for kultur, idrett og inkludering, seksjon arkiv.

Les meir og søk på ei eller fleire av stillingane: 

For meir informasjon, ta kontakt med fungerande fagleiar Espen Sæterbø eller seksjonssjef Arnt Ola Fidjestøl:

Espen

Espen Sæterbø
Fungerande fagleiar, kommunale arkiv
e-post: espen.seterbo@vlfk.no 
telefon: 57 63 80 65

Arnt Ola Fidjestøl

Arnt Ola Fidjestøl
Seksjonssjef arkiv
e-post: arnt.ola.fidjestol@vlfk.no
telefon:  971 88 903