"Skulen min" starta opp sommaren 2015, og har vore eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lite tilgjengelege kjelder

Skulen har spelt ei sentral rolle i lokalsamfunnet, og alle har eit forhold til skuletida. Skulen speglar samfunnet, og ved hjelp av arkiv, lokal kunnskap og tradisjonar kan ein spore ein kronologi og ei utvikling. Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå arkiva, musea, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Prosjektet har sidan starten jobba mot to hovudmål: 

1) Samarbeid om gode fellesløysingar for formidling av skulehistorie, og
2) Betre tilgang til og formidling av digitaliserte kjelder og materiale. 

Avhengig av frivillige

Ein viktig del av prosjektet har vore samarbeid, både med frivillige, kommunar, institusjonar, samt lag og organisasjonar. Den viktigaste målgruppa har vore dei frivillige og dei lokale soge- og historielaga. Vi har hatt fleire informasjonsmøte og kurs for å rekruttere bidragsytarar til å skrive, ta bilete med meir. 

Alt ligg no til rette for at fleire frivillige kan bidra med informasjon og minne i form av tekst og bilete. Vi håper fleire vil bli med!

Digital portal

skulenmin.no, skjermbilde 5.8.2019
skulenmin.no 

Vi har fått på plass portalen skulenmin.no. Denne er bygd på kartfunksjonane i fylkesatlas.no, og viser skulerelatert innhald frå ulike digitale kjelder. Ved å navigere rundt i kartet kan ein sjå kva kjelder som fins i dei ulike kommunane, grendene og skulekrinsane. 

Det er ein funksjon for kommentarar på sida, som gjer at folk kan bidra med meir informasjon eller stille spørsmål. Det er også mogeleg å søke i alt innhald på sida, og vi har ei eiga side med informasjon om prosjektet.

Vi har jobba vidare ut ifrå kartløysinga som fylkesatlas.no brukar, og utvikla ei responsiv, mobilvenleg løysing. No har vi ei løysing som fungerer like godt på alle skjermar. 

Finansiering

Skulen min har til fått 1 225 000 kroner frå Riksarkivet over prosjektperioden på tre år. I tillegg til dette har vi fått 150 000 kroner i støtte frå Statens Vegvesen og ekstraløyvingar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette kjem i tillegg til mykje arbeidsinnsats frå tilsette ved fylkeskommunen og fylkesarkivet. 

Skulen min skal leve vidare sjølv om prosjektperioden er over. Ulike delar av prosjektet vil gå inn som ein del av dei faste arbeidsoppgåvene til tilsette ved fylkeskommunen og fylkesarkivet. 

Våren 2019 sendte vi inn sluttrapport til Riksarkivet. Denne kan ein også finne på Riksarkivet sine sider