Vederlagsfri bruk av arkivfoto

fylkesarkivet si Flickr-side finn du smakebitar frå arkivet i høg oppløysing. Dette materialet er opphavsrettsleg i det fri, og kan nyttast vederlagsfritt til dei føremål du ønskjer. Det einaste vi ber om er at du ved offentleg bruk av desse bileta krediterer fotografen og arkivet.

Bilete frå webarkivet for foto kan du også laste ned som dei er og nytte vederlagsfritt, men berre til privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering).

Ønskjer du biletkopiar i andre format eller kvalitetar enn det som er publisert på desse sidene, eller med redigering/retusjering, gjeld våre ordinære vilkår og prisar.

Vilkår ved bestilling

Generelt gjeld følgjande vilkår for bruk av bilete frå fotoarkivet:

  • Bileta kan berre nyttast til det avtala føremålet
  • Filer til privat bruk kan ikkje offentleggjerast
  • Filer til offentleg bruk vert levert til ein gongs bruk for eitt opplag
  • Filer skal slettast etter avtalt bruk
  • Fotografen og arkivet skal krediterast ved offentleg bruk av bileta. Ved ukjend fotograf, skriv «ukjend» og arkivet sitt namn.

Ved offentleg bruk av bileta vil det bli inngått kontrakt som regulerer bruken av bileta.

Prisar ved bestilling

Alle bestillingar får eit ekspedisjonsgebyr på kr 50,-. Sjå elles oversikta under for prisar per biletkopi.

Hastelevering (2 verkedagar) kan utførast etter avtale, med eit gebyr på kr. 200,- per bilete. Leveringstid er elles inntil 3 veker.

Digitale filer

  • Privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering)               kr 100,-
  • Offentleg bruk:
    • Redaksjonell bruk i vitskaplege publikasjonar
      og frivillige organisasjonar                                          kr. 100,-
    • Redaksjonell bruk i utstilling, TV, film,
      bøker, tidsskrift, aviser, internett                                 kr. 600,-
  • Profileringsmateriale, skilting, offentleg utsmykking       kr. 1000,-

Biletkopiar levert på fotopapir

  • Opptil 20 x 25 cm       kr. 180,-
  • 24 x 30 cm                  kr. 250,-
  • 30 x 40 cm                  kr. 300,-
  • 40 x 50 cm                  kr. 500,-

Forholdet mellom høgde og breidde varierer på dei ulike originalane, og biletstorleiken vil difor kunne avvike frå desse standardstorleikane.

Korleis bestille foto

I webarkivet for foto kan kvart enkelt bilete leggast til i eit bestillingsskjema. I menyen øvst vil du få ei oversikt over bestillinga, der du også fyller inn ytterlegare informasjon og sender bestillinga. Leveringstid er inntil 3 veker.

Du vil bli bedt om å fylle inn følgjande informasjon i bestillingsskjemaet:

  • Namn på bestillar, adresse, telefonnummer, e-postadresse
  • Fakturaadresse (dersom faktura skal sendast til ein annan enn bestillar)
  • Organisasjonsnummer (gjeld ikkje privatpersonar)
  • Bruksføremål (er biletet/bileta til privat eller offentleg bruk, i så fall kva; er føremålet kommersielt; kva er tittel på trykksak eller produkt).
  • Anna informasjon om bestillinga (filtype, storleik, andre kommentarar og spørsmål)

Ønskjer du å bestille foto som ikkje er digitaliserte eller tilgjengelege på webarkivet, ta kontakt med fotoarkivar.