Vilkår for bruk lydfiler frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:

Dersom ikkje anna er avtala, gjeld følgjande vilkår:

  1. Kopiar av lydfiler og notar frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si musikksamling kan tingast av privatpersonar, studentar, skuleelevar, forskarar og utøvarar.

  2. Kopiar kan nyttast til privat bruk eller i samband med opplysingsarbeid, opplæring, kulturformidling og forsking.

  3. Det er forbode å lage nye kopiar, kringkaste, selje eller på annan måte utnytte arkivmateriale til økonomisk vinning.

  4. For verna materiale er det ein føresetnad for utkopiering at rettshavar(ane) har gjeve arkivet løyve til bruk i samsvar med dei føremål som her er nemnde.

  5. Gje alltid opp kjelde når du brukar materiale frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som utgangspunkt for skriftleg arbeid eller audiovisuelle produksjonar.

  6. Dersom tinginga er ei gåve til ein tredjeperson, skal du gjere vedkommande merksam på vilkåra ovanfor.