Både i produksjonen av positivar og negativar har det opp gjennom historia blitt nytta ulike materialar og kjemikaliar. Negativar kan til dømes produserast både på papir-, glas-, plast- og metallbase, og då med ei rekke undervariantar!

Acetatfilm er ein type plastnegativ som var i bruk frå 1923 og fram til våre dagar. Vi finn mykje av denne negativtypen i Fylkesarkivet sine samlingar. Som anna fotografisk materiale er acetatfilmen forgjengeleg. Før eller seinare vil negativa brytast ned og forsvinne. Det spesielle med acetatfilmen er at han skil ut eddiksyre når han vert broten ned, og syra får nedbrytingsprosessen til å gå fortare og fortare.

Men, levetida til materialet er i høg grad avhengig av korleis negativa vert handtert og lagra. Ny acetatfilm vil utvikle såkalla «eddiksyresyndrom» innan 40-50 år dersom materialet vert oppbevart i vanleg romtemperatur. Lagrar vi materialet i eit rom som held 13 gradar tek det til samanlikning 150 år før filmen utviklar «eddiksyresyndrom».

I frosen tilstand vil ny acetatfilm vare i 1 000 år før dei første nedbrytingsteikna tek til å vise seg! For film som allereie har begynt å brytast ned, slik tilfellet er med mykje av materialet Fylkesarkivet tek vare på, vil syreinnhaldet i materialet doble seg på berre 5 år dersom det vert oppbevart i romtemperatur. Det er difor viktig å følgje med på tilstanden til acetatnegativa og syte for at dei får best mogleg lagringstilhøve.

Som del av prosjektet «Long Life for Photographs» er vi no i gang med å kartlegge tilstanden til utvalde acetatfilmsamlingar. Ved hjelp av spesielle strips målar vi syreinnhaldet i materialet. Resultata frå målinga vil fortelje oss kva tilstand materialet er i no, og vi vil også kunne rekne oss fram til kor lang levetid materialet har att under gitte lagringstilhøve. Slik vil kartlegginga også bli ein viktig reiskap for oss når det gjeld å prioritere arbeidsinnsatsen i åra framover.

Prosjektet «Long Life for Photographs» er finansiert av EØS-midlar og har som føremål å utvikle, auke og dele kunnskap om fotokonservering. Prosjektpartnarar er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Opplandsarkivet, Telemark Museum og Archelology of Photography Foundation (Warszawa, Polen).