Dette er ein forkorta versjon av teksten "Hekta på slekta" frå Kjelda nr.1, 2011. 

For ei tid sidan hadde vi ein skuleklasse på vitjing. Elevane fekk m.a. sjå i gamle skuleprotokollar for å sjå kor mange person- og faktaopplysningar dei klarte å trekkje ut av ei slik side. Det var ikkje småtteri dei fann; namn på elevar, fødselsdato, når dei starta i skulen, kvar dei var fødde, budde, karakterar, kva skule dei gjekk på, skulefag etc. Ved eitt av borda var det stor glede, for der hadde ein elev funne ein av forfedrene sine. No kunne denne eleven leggje til ny kunnskap i slektsboka si berre ved å lese gjennom deler av ein skuleprotokoll. Eleven fekk vite meir om forfaren som person og elev, men også om korleis det var å gå på skulen kring 1860.

Fylkesarkivet og slektsgransking

Fylkesarkivet i Vestland oppbevarer eldre og avslutta arkiv for 22 av dei 26 kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. Vi har såleis fleire tusen hyllemeter med offentlege arkiv trygt lagra i magasina våre.

Slektsgransking er ikkje vårt fagfelt, men vi stiller gjerne kjeldene våre til disposisjon for dei som vil bruke dei. Dei kommunale arkiva har tradisjonelt vore lite brukte av slektsgranskarar, men her er det mykje å finne. Frå vi vert fødde til vi døyr, set vi spor etter oss, og mange av desse spora finn vi i det kommunale arkivmaterialet. Der kommunen har hatt krav om å dokumentere drifta si, der finst vi og deler av historia vår.

Det kommunale arkivmaterialet kan gje ein del basisdata som fødselsår, giftarmål, barn og død til eit slektstre, men slike opplysningar er langt enklare å finne hos andre arkivinstitusjonar. Digitalarkivet er ein god stad å starte. Der finn du til dømes kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar. Du vil også få god hjelp til å finne slike basisopplysningar på Statsarkivet i Bergen. Etter at du har fått basisopplysinga som fødselsår, dødsår og tal barn, kan du på fylkesarkivet finne meir utfyllande opplysningar som gjer det til levande menneske med levde liv i Sogn og Fjordane.

Skifte av forvaltingsområde

Kva som har vore kommunalt eller statleg ansvarsområde har variert gjennom tidene, og dette vil også vise seg i kvar du kan finne arkivmaterialet. Det materialet som ikkje er på fylkesarkivet på grunn av slike endringar, er innlevert til Statsarkivet i Bergen. Vårt kommunale arkivmateriale strekkjer seg i hovudsak frå 1837 då den folkevalde kommunen vart skipa, men vi har også noko materiale som strekkjer seg attende til 1700-talet.  

Kommunearkiva kan vere mangelfulle

Dei fleste arkiv er ordna i seriar som møtebøker/forhandlingsprotokollar, journalar/dagbøker, kopibøker og korrespondanse/saksarkiv. Kva seriar og kor mykje arkivmateriell det er igjen etter kvar kommune vil variere. Noko har av ulike årsaker gått tapt.

Innsynsreglar.

Vi må kort nemne at det finst reglar for kva arkivmateriale vi kan gje innsyn i. Alle har i utgangspunktet innsynsrett i offentlege arkiv, men det vil likevel vere nokre unntak. Vårt materiale inneheld mykje personopplysingar som fører til at noko vil vere av sensitive opplysningar om enkeltpersonar der teieplikta gjeld. Teieplikta fell vanlegvis bort etter 60 år. Storparten av materialet vårt som er eldre 60 år vil difor vere ope for alle.

KRI_ 003 Hekta på slekta_SFFf-1997144.0001.jpg

Frå hausten 1925 dreiv Balestrand kommune Balestrand 2-årige framhalds- og mellomskule, i andre høgdi i Sagatun skule. Oddmund Bøyum frå Fjærland var styrar og Eirik Skjerve frå Voss var lærar. Biletet viser avgangsklassen våren 1927 og er teke av ein fotograf på Voss, medan elevane var der for å ta munnleg eksamen. Fotograf: Ukjend. SFFf-1997144.0001​. 

Dømer på gode kommunale kjelder til bruk i slektsgranskinga

Arkiv etter formannskap og kommunestyre. Det går som regel tilbake til 1837 og viser vedtaka som formannskapet/kommunestyret gjorde, kommunikasjon som dei hadde med innbyggjarane/enkeltpersonar og alle søknadane som kommunen fekk.

Likningsarkiv. Fram til 1964 var likninga ein del av den kommunale aktiviteten, og desse likningsarkiva vil finnast på Fylkesarkivet. I desse arkiva vil du kunne finne årlege likningslister med namn på skatteytarane, eige, inntekt og utlikna skatt. Her kan det også vere næringsoppgåver som gjev detaljopplysningar om gardseigedommar.

Arkiv etter valstyret ved kommunale val. I 1896 vart det bestemt at det skulle veljast valstyre på landet. I arkivet etter valstyret kan du mellom anna finne manntal med namn og adresse på dei som hadde stemmerett.  I og med at lensmannen skulle vere formann i valstyret, kan nokre av desse arkiva vere i lensmannsarkiva på Statsarkivet i Bergen.

Arkiv etter skulehald. I skulestyrearkiva kan ein finne både skulehistorie og personopplysningar. Dei ulike protokollane fortel om klasselister, fråvær, lengde på skuleåret, fødselsdatoar, namn på foreldre, karakterar, kva fag dei hadde, kva gard dei budde på, om det var omgangsskule eller fastskule og liknande. I dagbøkene som lærarane førte, kan det i merknadsfeltet liggje opplysningar som elles ville ha vorte ukjende eller vanskelege å finne. Det kan vere at eleven flytt, at eleven er død grunna drukning eller at det store fråværet er på grunn av uveret, slik at elevane ikkje kom seg til skulen.

Arkiv etter fattigstyra. I 1845 overtok kommunane ansvaret for fattighjelpa frå stifta. Arkiva etter fattigstyra er ei unik kjelde både med tanke både på personopplysningar og sosialhistoria vår. Dei som bad om offentleg hjelp vart nøye kartlagde, og vi kan i dag kunne finne eit breitt spekter opplysningar om menneskjer som vi elles ikkje ville ha blitt kjende med. Her finn vi lister med til dømes namna på dei understøtta, hjelpebehova deira, kvifor dei trong hjelp, kva hjelp dei fekk, storleik på støtte, kven dei var utsette til og kor stor betaling dei som tok hand om den fattige fekk.

Jordmorsprotokollar. Jordmødrene førte dagbøker om dei fødande, fødselen og dei fødde. Her kan du finne dato for fødsel, namnet på mor, alderen hennar, om ho var gift eller ugift, kjønnet på den nyfødde, korleis fødselen hadde gått, fødsel i rekkja for den fødande og liknande. Jordmora hadde ikkje avleveringsplikt, noko som gjer at det er ikkje alle kommunar som har avlevert desse dagbøkene til oss. Slike protokollar kan også vere avleverte til Statsarkivet i Bergen.

Arkiv etter krig og krise. Provianteringsråda frå 1.verdskrigen og forsyningsnemndene frå 2.verdskrigen er gode kjelder om deler av folk sitt daglegliv i form av varemangel, restriksjonar, forsyning og regulering. På personnivå vil det også vere opplysningar å hente, til dømes teljingslister frå provianteringsråda, og husstandskort som gjev opplysningar om kor stor husstanden var, namn, adresse, fødselsår, stilling i husstanden og yrke frå 1.verdskrig. Arkivet etter forsyningsnemndene kan vere svært omfattande. Også i denne perioden var det ei rekkje teljingar, til dømes arealteljingar. Det vart også gjort rasjonaliseringsteljingar for å få oversikt over hushalda i den einskilde kommunen.

Ta kontakt 

Du kan ta kontakt med oss per telefon eller e-post om du finn eit arkiv, eller ei konkret sak du ynskjer innsyn i. Dersom materialet er ope for bruk, kan du kome på lesesalen vår, men hugs å ta kontakt og avtale med oss på førehand. Vi kan elles sende deg materialet digitalt. 

Du er hjarteleg velkomen til å ta i bruk dei kommunale arkiva våre i arbeidet med slektsgranskinga di. Lykke til!

Nettsider som kan hjelpe deg på veg:

Kjelder

Mykland, Liv og Kjell Olav Masdalen. 1987. Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Universitetsforlaget. Oslo

Sandal, Per. 1991. På leit etter slekta. Det Norske Samlaget. Oslo