Denne teksten står òg på trykk i Nytt om namn 73/74.

Tidlegare innsamlingsarbeid i Gloppen

Det er gjort innsamlingsarbeid i Gloppen tidlegare. Det er særleg to store innsamlingsprosjekt som skal nemnast i denne samanhengen: Karl Egge si innsamling i dåverande Breim kommune, og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si innsamling i Gloppen kommune. Desse to innsamlingsprosjekta dannar grunnlaget for prosjektet som går i gang no. Soleis kan ein sjå på dette nye prosjektet som ei nyinnsamling, som ei forlenging og som ei fullføring av tidlegare prosjekt.

Breim var eigen kommune fram til 1964 og utgjer i dag den austlege delen av Gloppen kommune.

Karl K. Egge blei fødd i 1883. Han gjekk lærarskole og jobba som lærar og rektor ved fleire skolar og lærarskolar mellom 1907 og 1953. På 1920-talet brukte Egge somrane på å sykle rundt i Breim og samle inn namn. Han hadde kontakt med lokale informantar, og fekk dei til å sjå over dei reinskrivne listene hans. I tillegg hadde han opphald ved Statsarkivet i Bergen og Universitetsbiblioteket i Oslo, der han såg i namnesamlingar og kart. Då Egge blei pensjonist i 1953 tok han opp att stadnamnprosjektet, og arbeida vidare med det fram til 1962. Samlinga tel i overkant av 7600 namn. Karl Egge døydde i 1968.

Karl Egge fekk sjølv ikkje kartfesta dei innsamla stadnamna. Dette arbeidet blei gjort på slutten av 1980-talet av Solbjørg Ulvestad og Ola O. Støyva.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane samla mellom 1985 og 1986 inn namn frå heile Sogn og Fjordane. Innsamla namn er publisert i arkivet si stadnamnbase, og er synlege i kart på fylkesatlas.no. Namna som er publiserte her er handsama av filolog og inkluderer ei samling med innspelt uttale av alle namna.

Prosjektet omfatta òg Gloppen kommune. Ein bestemte seg for å ikkje gjennomføre ei nyinnsamling i den delen av Gloppen som tidlegare var Breim kommune, då ein ville nytte Egge-samlinga som namnetilfang for denne delen av kommunen. Det blei samla inn namn i det meste av kommunen elles, primært langs Gloppefjorden, Hyeneset og frå Hyen og sørover Vestredalen til Eimhjellevatnet/Storfjorden. Innsamlinga tel om lag 4700 namn. Av ulike grunnar blei ikkje innsamlingsarbeidet i Gloppen fullført. Derfor er det ikkje publisert namn frå kommunen på nett.

Samarbeid mellom tre partar

I september 2022 møttest representantar frå Gloppen sogelag med Gloppen kommune og Vestland fylkeskommune. Målet var å få til eit samarbeid om stadnamna i kommunen. Gloppen kommune har løfta stadnamn inn i kulturminneplanen sin som ei viktig kulturhistorisk kjelde som gir kunnskap om vår eiga historie. Både kommunen og fylkeskommunen ønskjer å fullføre arbeidet som blei påbegynt på midten av 1980-talet, og å samle inn fleire namn frå dei delane av kommunen ein ikkje har systematiske innsamlingar frå.

For å gjennomføre dette stadnamnprosjektet, treng ein lokale informantar. Gloppen sogelag stilte villig opp til dette samarbeidet. Informantane skal vera med på å samle inn namn, kartfeste namn og samle inn uttale av stadnamn frå kommunen. Dette inkluderer å samle inn uttale av namn frå Egge-samlinga, til dømes.

Samarbeidet mellom dei tre aktørane er ein viktig styrke med prosjektet. Lokale informantar er essensielt for å få tilgang til namna og til lokal bygdeuttale av dei. Kommunen er ein stor brukar av stadnamn, og er ein viktig forvaltar av stadnamn som kulturminne. Det same gjeld fylkeskommunen, som gjennom stadnamnsamlingane i arkivet gir fagpersonar og private tilgang på eit rikt kulturhistorisk materiale.