Songen har mange funksjonar, og tekstane som følgjer melodien kan fortelje svært mykje om kulturen og samfunnet songane er og har vore ein integrert del av.

I spelelista «Stemmer frå fortida» deler musikkarkivet nokre døme på den rike songarven vi har dokumentert i fylket vårt. Dei fleste av utøvarane var fødde for meir enn 100 år sidan, og opptaka var gjerne gjort då dei var komne «godt opp i alderen». Likevel er det verdfulle dokumentasjonar på ein musikkpraksis som seier mykje om verdsbiletet i deira samtid.