Stadnamna i Angedalen blir formidla i ei eiga database-løysing der du kan søke på namna og sjå dei inn-teikna på flyfoto. Alle dei 2 756 stadnamna er no også importerte i stadnamnbasen på Fylkesarkivet. Dei blir no kartfesta i fylkesatlas av Ragnar Indrebø som både er lokalkjend og kartkyndig. Han har vore aktiv i stadnamnprosjektet i dalen.

Dersom du opnar www.fylkesatlas.no, zoomar inn på Førde og Angedalen og legg på temalaget «Stadnamn ikkje handsama av filolog», vil du få sjå 2 379 stadnamn (27. mars) som no har fått kartplassering. Så det er berre 377 namn som framleis ventar på kartplassering. Desse stadnamna er markert med raude firkantar og namna står på kartet med raud skrift. Trykk på firkanten, og du får opp det angedølene veit om denne staden.

Lærar Reidar Eide på Angedalen skule gjorde eit stort og viktig arbeid i samarbeid med elevane og bygda. Dei fekk kopiar frå «Den store stadnamninnsamlinga 1985/86» frå Fylkesarkivet. Så gjekk dei i marka for å sjå dei forskjellige stadane. Dei snakka med gamle folk for å få informasjon om namna, så arrangerte dei stadnamn-kafé for bygdefolket med forteljing og dramatisering av nokre av historiane. Både unge og gamle var aktive. Dei unge lærte av dei eldre. Prosjektet fekk økonomisk støtte slik at dei kunne ta flyfoto av dalen, og presentere namna på flyfoto. Dette gjer det lett å forstå kor namna/stadane ligg i terrenget.

Dette er eit unikt stadnamnprosjekt. Eg har ikkje sett maken på dei 25 åra eg har arbeidd med stadnamn i fylkeskommunen.