Det var Helge Kårstad frå Bygstad i Sunnfjord kommune som fekk ideen om å formidle informasjon om lokale stadnamn i området rundt dagsturhytta Skaraly, i turområdet Lisjehesten-Storehesten.

– Etter at vi stadig fiksa opp stien etter 2006, vart det jamt fleire folk på tur. Men ingen visste eksakt kor dei hadde vore. Namnsetting er viktig for å kunne stadfeste kor ein er eller kor ein har vore. Det er også ei identitetssak at folk frå bygda og kommunen kjenner igjen namna, seier Kårstad.

Fritt tilgjengeleg datamateriale

Han tok kontakt med Randi Melvær hjå Vestland fylkeskommune, som har jobba med stadnamn i mange år. Då fekk han vite at Fylkesarkivet har hundrevis av registrerte stadnamn i området.  

– Alt datamaterialet om stadnamn er fritt tilgjengeleg for vidare bruk, og vi har også ei løysing for å gjere datagrunnlaget tilgjengeleg som opne data. Stadnamn er ei spanande kjelde til historia vår, og kan gje opplysningar både om naturtilhøve og om tidlegare tiders daglegliv og fest. Namna er også viktige referansepunkt i terrenget, fortel Melvær.

Fekk namn etter dagsturhytte

Neste steg for Kårstad var å finne nokon som kunne bruke datamaterialet og lage ei god publikumsteneste. Utviklar Svein Arild Bergset har jobba med stadnamnformidling tidlegare, og vart kopla på prosjektet. Mobilappen «Stadnamn Skaraly» vart lansert i juli i år.

Ved hjelp av denne kan både dei lokale og besøkande i området lære meir om historisk stadnamn i dette populære turområdet. 

Sjølve appen har fått namnet etter dagsturhytta Skaraly, som har blitt svært godt besøkt dei siste åra. Hytta ligg ved Kårstadskaret på ca. 700 moh. og er ypparleg for ein tur i seg sjølv eller som ein stopp på veg mot Litlehesten og Storehesten. Sistnemnde er ein populær topp, som også har sitt eige motbakkeløp. Skaraly ligg ved Kårstadskaret, om lag 700 moh. Hytta har vore godt besøkt dei siste åra og har vore eit fint tilskot til eit populært turområde. (Foto: Stig Roger Eide)

Viktig del av samfunnsdokumentasjonen

Vestland fylkeskommune har ansvar for stadnamnarbeidet i gamle Sogn og Fjordane og har samla inn, kartfesta og digitalisert om lag 230 000 stadnamn frå området. I tidlegare Hordaland er det Universitetet som har dette ansvaret. 

Arbeidet med stadnamn er ein del av den samla og heilskaplege samfunnsdokumentasjonen til Fylkesarkivet. 

— Vi har ansvar for å ta vare på og gjere tilgjengeleg offentleg og privat kjeldemateriale i Vestland fylke. Det er flott å sjå at samlingane våre og data frå oss vert brukt for å gje ein ekstra dimensjon til dagsturhyttene, og til turar og naturopplevingar, seier Arnt Ola Fidjestøl, seksjonssjef for arkiv i fylkeskommunen. 

Arnt Ola Fidjestøl.png

Eit mål at materialet blir brukt

I det rikhaldige materialet som Fylkesarkivet forvaltar ligg det eit stort potensial for dei som er opptekne av å formidle vår felles historie. I tillegg til stadnamn består arkivet mellom anna av foto, musikk og eldre arkivmateriale både frå kommunar og private aktørar.

– Det er alltid eit mål for oss at publikum skal kunne bruke materialet vårt i ulike samanhengar. Dersom nokon har gode idear og eit ønske om å formidle, så bidreg vi svært gjerne med data frå samlingane våre, fortel Fidjestøl.

 

 

Les meir om Fylkesarkivet sitt arbeid med stadnamn