Kva har vi?

Fylkesarkivet har ei samling med stadnamn på meir enn 250 000 namn. Namna kjem frå alle kommunane og er eit resultat av ei djupinnsamling i 1985/86. Fleire kommunar har også seinare arbeidd med å supplere innsamlinga si og slik samla inn fleire namn enn på 1980-talet. Innsamlinga blir arkivert i magasina her på fylkesarkivet. 

«Skulebarninnsamlinga»

I tillegg til stadnamna frå 1980-talet og seinare, har fylkesarkivet papirkopiar av «Skulebarninnsamlinga» som Gustav Indrebø arrangerte på 1930-talet. Kopiane inneheld det som blei innlevert frå barneskular i Sogn og Fjordane. Her finn du berre namnelister, ikkje kartfesting.

Det er mogleg å bestille kopi av lister for eit avgrensa område og få desse tilsendt.