Spåboka har vi fått lånt inn frå Einar Haugland. Den er skriven av Peder Olai Henriksen Tippen. Han var frå Tippen (no Haugland) i Nordfjordeid. Peder vart fødd i 1825, og døydde i 1906. I folketeljingane er han oppført som gardbrukar.

Elles er det ikkje mykje vi veit, korkje om Peder eller spåboka. Underteikna klarar i alle fall ikkje å forstå korleis ho vart nytta til å spå om framtida. Har du lyst å prøve deg sjølv, har du høve til lese ein kopi av originalen. Vi har dessutan laga ei avskrift.

Spaabog.pdf

Spaadomsbog-avskrift.pdf