To av dei, André og Simen, skal i hovudsak jobbe med digitalisering av fylkestingsforhandlingane frå Sogn og Fjordane.

 André Kjerpeseth Svarstad, frå Florø, er akkurat ferdig med ein bachelorgrad i historie. Eg søkte jobben som sommarvikar fordi eg interessert i å jobbe med historisk materiale, arkiv og digitalisering. Det er viktig for samfunnet å kunne ha lett tilgang til den informasjonen som er i arkiva. Derfor det givande å kunne delta i eit slikt digitaliseringsarbeid.

Simen Myhre, frå Fagernes har studert både historie, og arkiv- og samlingsforvaltning. I tillegg har han arkivfagleg erfaring etter arbeid frå Valdresmusea og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Eg søkte jobb som sommarvikar fordi dette var ein mogelegheit til å utbygge min erfaringsbase ytterligere, og på grunn av interesse. I tillegg til jobben med fylkestingsforhandlingane skal han også digitalisere skuleprotokollar knytt til prosjektet Skulen min.

Alexander Fotland Iversen, frå Bergen, er ein gamal kjenning på Fylkesarkivet. Først som prakisstudent (hausten 2020) og så var han sommarvikar i fjor sommar. Dette er andre sommaren min her, og eg søkte jobben som sommarvikar fordi eg likte å jobbe her og så likar eg å jobbe med arkivmateriale. Han har tidlegare studert historie, og tek no ein bachelorgrad innan arkiv- og samlingsforvaltning i Trondheim. Alexander skal innom ulike arbeidsområde i sommar. Arkiv etter Førdefestivalen, digitalisering av KGR (kulturgeografisk registrering) og ei stadnamnsamling frå Breim står for tur i løpet av dei vekene han skal jobbe her.