Slik helsa Einar Førde Sognalaget i Bergen på 75-årsjubileumsfesten i 1993. Skjemtegauken Førde kunne få sagt det, og kanskje var det eit snev av sanning i påstanden. Sogningane for til Amerika, og sunnfjordingane flytte til Bergen.

Sognalaget er i alle høve det yngste av bygdelaga frå fylket vårt i det som var byen for folk frå Sogn og Fjordane. Nordfjordlaget vart skipa i 1914, og sunnfjordingane samla seg i 1917.

Sognalaget i Bergen vart stifta 12. april 1918. 30 sogningar heldt møte på Smedby hotell, der dei valde Johan Klingenberg til første formann. Laget hadde til føremål å «samla sogningar i byen til arbeid for norskdom, samhald millom sogningar, framgang for Sognebygdene og vern om minne frå Sogn».

Laget skulle vere upolitisk og arbeide på frilyndt grunn. Aktivitetane var mange: song, spel, leikarring og mykje anna. Sognalaget kjøpte dessutan utferdsstaden Fjordglytt på Bjørge i Fana. Det vart òg arrangert pinseturar til Sogn og Nordfjord.

Fylkesarkivet fekk i førre veke inn ein heil del arkivmateriale frå Sognalaget i Bergen. Det dreier seg om møtebøker, lagsbladet Sygnaviten, dagbøker frå Fjordglytt, korrespondanse m.m.

Sognalaget i Bergen på Arkivportalen.