Lidenskap og leik: fotball er ein idrett som engasjerer både til fysisk aktivitet og som altoppslukande hobby. Ein god del av æra for at det har blitt slik i vår del av landet har Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Den første fotballeiken

Fotballspelet kom i gang ei god stund før opprettinga krinsorganisasjonen. Den tidlege soga åt fotballen i Sogn og Fjordane ligg i eit slags halvmørke. Florø var tidlegast ute med klubbdanning, som fann stad 12. juni 1912, men det finst spor etter fotballaktivitet i både Nordfjord og Sunnfjord før det. Truleg vart den nye idretten introdusert i Sogn og Fjordane kring hundreårsskiftet.

Fotballspelet starta i dei store byane i 1880-åra. Bergen fekk sin første klubb i 1886, med det enkle namnet «Footballklubben». Frå Bergen tok mange fjogningar med seg den nye leiken nordover.

Spreiinga skjedde litt tilfeldig, utan eit klart mønster. Ballspelet kunne slå rot ved at lokale folk henta impulsar frå reiser og bybesøk, men det skjedde òg gjennom innflytting eller ved at folk vart inspirerte av avislesing.

Det gjekk omlag 20 år frå introduksjonen av fotball i fylket til stiftinga av krinsorganisasjonen. Dette mønsteret er ikkje unikt for Sogn og Fjordane. Det tok tid før den nye idretten vann skikkeleg fotfeste. Tidleg på 1920-talet hadde interessa og klubbdanningane vakse såpass at mange meinte tida var mogen for å ta fotballen frå uorganisert aktivitet og inn i meir strukturerte former.

Opprettinga av Sogn og Fjordane Fotballkrets

Skipinga av Sogn og Fjordane Fotballkrets fann stad 30. april 1922 i Florø. På det konstituerande møtet kom det representantar frå seks av dei mest aktive klubbane og idrettslaga i fylket: Stryns Fotballklubb, Eids Fotballklubb, Florø Fotballklubb, Falken (Høyanger), Høyanger Idretsforening og Modig (Fresvik). I tillegg var to andre lag med frå starten av: Hjelle Idrætslag og Flaams Idr.- og fotball-lag.

Det organisasjonsmessige tyngdepunktet låg frå byrjinga av i Florø, med Bjarne Vasbotten som første formann. Sportsleg dominerte derimot den nyetablerte industristaden Høyanger. Falken gjekk av med sigeren som krinsmeister i 1922. Dei to etterfølgjande åra vann Høyanger IF.

Fotballkamp mellom Høyanger IF og Falken i 1923.
I mange år hadde Høyanger to idrettsforeiningar. Falken var arbeidaridrettslaget, medan Høyanger Idrettsforening helst trakk til seg funksjonærar. Det var tette, tøffe og prestisjefulle oppgjer mellom dei to laga. Falken gjekk i 1930 inn i Arbeidernes Idrettsforbund, og kom difor med i ein eigen serie med arbeidaridrettslag. Biletet viser eit lokaloppgjer mellom Falken og Høyanger på Sletta i Høyanger i 1923. Fotograf: Eugen Nordahl-Olsen. Fylkesarkivet i Vestland.

1920-talet vart ikkje ein voksterperiode for den organiserte fotballen i Sogn og Fjordane. Snarare tvert om. Talet på innmelde klubbar gjekk ned, og nådde botn med berre tre lag i 1929. Den negative utviklinga skuldast nok fleire tilhøve, med ein topografisk fangenskap som ei av dei viktige årsakene. Å ta seg rundt i fylket var tungvint og tok lang tid. Ein felles krinsserie auka dessutan dei geografiske utfordringane. Den uorganiserte fotballen spreidde seg likevel til stadig større delar av Sogn og Fjordane.

Tidleg på 1930-talet snudde trenden. I 1938 passerte talet på innmelde lag 40. Utviklinga var del av ein nasjonal trend. I tillegg tok fotballkrinsen tak i situasjonen. Det vart sett inn propagandaarbeid for å styrke oppslutnaden om ballspelet. Satsing på trenarhjelp og endra soneinndeling slo også positivt inn på interessa for organisert fotball.

Strid om å få vere med i det gode selskap

Sogn og Fjordane Fotballkrets måtte føre ein lang og hard kamp for å få krinsen med i det nasjonale seriesystemet. Ein landsdelsserie hadde blitt etablert i 1950. Vinnarane frå åtte distrikt spelte mot kvarandre for opprykk til den nasjonale hovudserien, men Sogn og Fjordane blei ståande utanfor. Forbundsstyret i fotballforbundet argumenterte med at det ville vere økonomisk uansvarleg å sleppe til krinsen, og la heller ikkje skjul på at dei tykte den sportslege standarden i fylket var for låg.

Fotballkrinsen gav seg ikkje, og i samband med innføringa av nytt seriesystem i 1962, vart det gjennomslag på forbundstinget. Frå 1963 fekk såleis Sogn og Fjordane vere med i det gode fotballselskap, men det skjedde ikkje utan motstand frå grannane i nord og sør. Representantar frå Bergen og Møre framheva dei økonomiske og praktiske utfordringane ved å sleppe til klubbar frå Sogn og Fjordane, og ikkje alltid utan å overdrive. Ein ålesundar påstod det ville ta tre dagar for laget hans å kome seg til Årdal, noko som var ei dryg skrøne.

Flaggskipet Sogndal

Det var IL Jotun frå Øvre Årdal som dominerte fotballen i Sogn og Fjordane dei første tiåra etter krigen. Klubben greip snart sjansen til å bryne seg mot lag frå andre fylke. Etter siger i kvalifiseringskampen mot Arna i 1962, var det duka for opprykk til 3. divisjon. IL Jotun hevda seg godt mot bergenslaga, og gjorde det dessutan skarpt i cupen i 1965. I 1968 klarte laget å vinne 3. divisjon. Sjølv om det enda med tap i kvalifiseringskampen til 2. divisjon, så hadde årdølene vist at fotballag frå Sogn og Fjordane kunne bite godt frå seg. Samstundes byrja det å gry mot stordomstid for eit anna lag lenger ute i Sognefjorden.

Sogndal har i fleire tiår vore flaggskipet for fotballen i Sogn og Fjordane. I 1972 klarte Sogndal, som det første laget frå fylket, å spele seg opp i 2. divisjon. Hausten 1976 kom det verkelege gjennombrotet med cupfinale mot Brann. Sjølv om det enda med tap mot bergensklubben, så sjarmerte oskeladden frå Sogn ein heil nasjon med frisk og offensiv fotball.

Sogndal etablerte seg på 1970-talet som eit storlag, og har sidan den tid veksla mellom å spele på det øvste og nest øvste nivået. Seinare har òg andre lag frå Sogn og Fjordane vist seg fram med gode prestasjonar, men Sogndal er framleis det dominerande laget i regionen.

Kvinnefotball

Den første krinsmeisterskapen for kvinner i Sogn og Fjordane vart arrangert i 1979, med Bremanger som vinnar. Vegen fram til organisert fotball kom ikkje av seg sjølv. Lenge fekk kvinnene til naud entre bana som underhaldning og moroinnslag. Det tok tid å bryte ned tradisjonelle haldningar i det mannsdominerte fotballmiljøet. Ein av dei som viste veg var Sverre Heggen. Den første spiren til seriespel og meir systematisk satsing på jentefotball kom i Nordfjord mot slutten av 1970-talet.

Men også på kvinnesida var det eit lag frå Sogndal som løfta prestasjonane til øvste nivå. Frå 1980-talet var Kaupanger det leiande laget i Sogn og Fjordane. I 1999 resulterte det i spel i toppserien. Sjølv om det førebels har blitt med ein sesong i den øvste divisjonen, så har laget vist stabilt gode prestasjonar over lang tid, og vore ein magnet for talentfulle spelarar frå heile fylket.

Kvinner frå Leirvik utkledde til å spele fotballkamp i 1962.
Før 1970-talet slapp kvinnene helst til på fotballbana som underhaldning og løglege innslag. Her ser vi kvinner i Leirvik utkledde til å spele fotballkamp på skulen 17. mai 1962. Frå venstre: Dagmar Veberg, Hjørdis Hestvik, Kari Rysjedal, Rysjedal, Randi Handal, Margit Løland, Ruth Bøe, Martha Wolff. Fotograf: ukjend. Fylkesarkivet i Vestland.

Ei rivande utvikling

Mykje har endra seg sidan skipinga av Sogn og Fjordane Fotballkrets for 100 år sidan. Sportsleg har mange personar frå fylket markert seg med prestasjonar på både nasjonalt og internasjonalt nivå: Tore Andrè Flo, Eirik Bakke, Margunn Humlestøl Haugenes og Elise Torsnes er nokre namn i ein stor flokk med flotte og dyktige fotballspelarar frå Sogn og Fjordane.

Internt har det skjedd mykje i organisasjonen. I 1981 vart det tilsett ein administrativ leiar. Etter nokre år kom det til fleire stillingar, noko som førte til ei profesjonalisering av organisasjonen. Ein stor innsats har blitt sett inn mot å utvikle fotballen i Sogn og Fjordane, med program for til dømes talentutvikling og skulering av trenarar.

I høve jubileumsåret har NFF Sogn og Fjordane oppretta ei nettside med nyhende, bilete og arrangement. Som ein del av feiringa har hundreårets fotballspelar frå Sogn og Fjordane blitt kåra, med Tore Andrè Flo som vinnar.

Arkivet

Fylkesarkivet i Vestland oppbevarer mykje av historia til Sogn og Fjordane Fotballkrets. I omfang strekkje arkivet seg til 14 hyllemeter. Materialet består av ein uavbroten serie med møtebøker frå 1922 til 1990. Korrespondanseserien er òg omfangsrik, men manglar skriv frå dei første 15 åra. Det finst i tillegg rekneskap og opplysingar om verv/ombod attende til 1922.

Eit interessant innslag i arkivet er dommarkorta. På dei er det ført inn opplysingar om kampdato, bane, resultat og lagoppstillingar. Somme gonger står det òg kommentarar til kampen. Merknadane frå mannen i svart kan vere om alt frå dårleg oppførsel på bane og tribune til kritikkverdige sanitære tilhøve, eller rett og slett rosande omtale av laga.

Arkivet er godt ordna, og katalogen tilgjengeleg på Arkivportalen.

Referat frå det første møtet i Sogn og Fjordane Fotballkrets
Referat frå det første møtet i Sogn og Fjordane Fotballkrets 30. april 1922. Fylkesarkivet i Vestland oppbevarer mykje av historia til fotballkrinsen.

Litteratur og kjelder