Tilfanget som kom inn kompletterer tidlegare deponeringar. Fylkesarkivet oppbevarer no møtebøker for perioden 1918-1990, årsmeldingar, ein del korrespondanse og kopiar av utsende skriv, samt noko rekneskap. Alt viktige kjelder til fiskerisoga for fylket.

Sogn og Fjordane Fiskarlag vart stifta 28. oktober 1918, då 13 lokale fiskeriforeiningar gjekk saman om å skipe ein fylkesorganisasjon. I vedtektene vart det slått fast at "Laget har til formål i samarbeid med de lokale fiskeforeninger, at fremhjelpe fiskerinæringen og enhver med denne forbundet bedrift."

Fylkesarkivet har digitalisert sogeskriftet for fiskarlaget sine fyrste 50 år: