Dei 41 filmopptaka syner små og store hendingar i Florø på 1960-talet. Her finn du mellom anna opptak frå byjubileet, barneturnstemne, julegata, snørydding, sjøstting av ferjer ved Ankerløkken, bygginga av Kinn Sparebank og mykje meir.

Florø 1964-1965 from Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane on Vimeo.

Fylkesarkivet sytte for at filmane vart digitalisert i 2016, og  2. februar i år vart filmane vist offentleg for eit stort publikum i Florø i samband med filmfestivalen Fiffen. No er filmane også offentleg tilgjengeleg på nettstaden Arkivportalen. På arkivportalen finn du litt informasjon om kvart einskild filmklipp, og ved å klikke på ikonet «digital kopi» kan du spele av filmen.

Fotograf Kåre Botnmark (1923-2010) frå Evenes dreiv fotoverksemda Vest-Foto i Florø i perioden 1948-1969. I løpet av desse åra hadde Botnmark ein omfattande produksjon av foto – både atelierportrett, fotografering på sildefeltet og oppdrag for næringslivet i Florø. Døme på det sistnemnde er dei mange fotografia Botnmark tok i samband med sjøsetting av båtar ved Ankerløkken. Fotoarkivet og dei 41 16mm-opptaka frå 1960-talet er i dag bevart hjå fylkesarkivet.