Artikkelen vart først publisert i Kjelda nr. 3 2015.


Formannskapet i Askvoll skulle gjennom ei rekkje saker den dagen, blant anna framlegg til budsjett for heradet og lønn til presten. Men den fyrste saka i møteboka skil seg frå dei andre. Vi kan lese dette om den dramatiske hendinga:

Ordføraren minte um den store ulukka som hende i heradet i går, med at Bertel Smelvær og dei to sønene hans, Konrad og Alf, drukna under arbeidet med hummarfiske. Det er lenge sidan so stor ulukke hev hendt her hjå oss, endå so farefull ein leveveg mykje av folket her hev. Ordføraren lyste fred og signing over minnet til dei som burte, og ynskte at dei som sit att må få trøyst og styrke til å bera det tunge tapet dei hev lide – Heradstyret høyrde minneorda ståande.   

Her får vi innsyn i ei stor tragedie som råka ein familie i Askvoll og det er ikkje fritt for at desse linjene i møteboka til formannskapet opnar for spørsmål. Kven var Bertel og sønene? Kven var dei pårørande? Og ikkje minst, korleis vil det gå med dei?

Familien på Smelvær

I Askvoll kommune finn vi øygruppa Smelvær. Den består av Storøyna omkransa av mange mindre øyer i ei lunefull paddemark. Øygruppa har utsikt mot Alden i sør og Kinnaklova i nord. Alle undervannsskjæra gjorde at mange skydde dette området. Her hadde fleire familiar funne det for godt å busetje seg. Små gardar der hovudinntekta var frå fisket.

Blant folket som budde ute på Smelvær finn vi det eldre ekteparet Bertel og Mathilde Smelvær. Saman med dei budde tre vaksne barn og eit barnebarn. Dei tre barna var Konrad, Alf og yngstejenta Gudrun, 23 år gamal. Barnebarnet var vesle Solfrid på to år, ho var dottera til Konrad. Sommaren 1939 hadde dei begynt å kome seg på føtene etter eit dødsfall i familien. Kona til Konrad og mor til vesle Solfrid, hadde døydd vinteren før. Dei heldt også på med å ferdigstille det nye huset dei så sårt trengde. Dei hadde tatt opp eit stort lån i samband med husbygginga så det var store avdrag som skulle betalast. Då var det viktig at fisket gjekk bra.

Staden der ulykka skjedde. Pila er teikna inn av Gudrun Smelvær.
Staden der ulykka skjedde. Pila er teikna inn av Gudrun Smelvær.

Den 7. juni 1939 var det eit ruske vær ut i havgapet, men Bertel og sønene Konrad og Alf la likevel ut i den vesle færingen deira på hummarfiske. Kanskje var det tanken på huslånet som tvang dei ut i dårleg vær? Dette var det siste Mathilde, Gudrun og Solfrid såg til mennene i familien. Då kvelden nærma seg, såg dei ingenting til færingen. Truleg stod dei på haugen ved sidan av huset og såg etter mennene. Med mysande auge prøvde dei å sjå gjennom regnet som piska sidevegs, let blikket flakke på jakt etter ein færing med tre skikkelsar oppi. Angsten alle kvinner langs med kysten har kjent på kom sigande på dei to kvinnene. Frykt for at noko kan ha skjedd. Frykt for at havet skal ta i staden for å gi. Frykt for å sitje att åleine!

Det kom ingen færing heim den dagen. I staden kom naboane stille over haugen. Det var Magnus Smelvær og Johan Tviberg. Dei gjekk som dei bar på ei tung bør.

Bilete av den knuste færingen.
Bilete av den knuste færingen.

Det var ikkje Bertel, Konrad og Alf som kom heim frå hummarfiske. I staden kom bodskapen om ein knust færing ute på nokre skjær. Det einaste Matilde, Gudrun og Solfrid fekk heim den kvelden, var bodskapen om at dei no var åleine i verda. Angsten kunne gå over til sorg. Havet hadde alltid gitt dei eit levebrød. No tok havet tilbake på den verst tenkelege måten. Ute raste framleis stormen, brenningane slo opp over øya. Inne sat to kvinner og eit barn i djup sorg og med ei usikker framtid. Korleis skulle dei klare å leve vidare i sorga? Ville dei klare å halde på garden? Visst ikkje, kor skulle dei reise? Kva skulle dei gjere?

Skjebnen til dei tre attlevande på øya skapte eit stort folkeleg engasjement. Det kan vi sjå i lokalavisene dei kommande dagane. Gjennom lokalavisene får vi også eit lite innblikk i korleis det går med den vesle familien på Smelvær. Informasjonen nedanfor er henta i frå to aviser: Fylkestidende som kom ut i Askvoll og Firda Folkeblad som vart trykt i Florø.

«Skrekkelig ulykke ved Smelvær» 

Allereie dagen etter ulykka stod saka på trykk i Fylkestidende. Avisa fortel om den grufulle ulykka og den fortvilte situasjonen til dei attlevande. Stormen raser tydelegvis framleis, for lensmann Skarstein ber om at bygdefolket må hjelpe til å sokne etter lika når sjøen har roa seg.

ALH_Smelværulykka4-1.JPG
Avisutklipp frå Fylkestidende 8.juli 1939.

Oprop!

Les ein 8. juni utgåva av Fylkestidende litt grundigare kan vi sjå at det er fleire som har tenkt på den fortvila situasjonen til etterkommarane på Smelvær. Litt til venstre for det store innlegget om ulykka, står ein smal notis med den korte tittelen: Oprop! Det er denne notisen som gir oss eit lite håp om at det kan gå bra for dei attlevande. Mennene bak notisen er; konstituert sokneprest A. Lodøen, ordførar Olai Einen og lensmann M. Skarstein. Dei var tre ressurssterke menn i Askvoll kommune. Notisen Oprop!, er ei oppmoding til bygdefolket om å gi ei pengegåve til dei attlevande. Gjennom denne hjelpa kan dei kanskje klare å behalde huset og garden. Dagen etterpå står nyhendet om ulykka og oppropet om hjelp på trykk i Firda Folkeblad i Florø. Ein storslegen innsamlingsaksjon var dermed i gang!

Dei neste vekene finn vi fleire små notisar i avisa som fortel korleis det går med innsamlinga. Saka må ha vore mykje omtala i samfunna ute ved kysten. Skjebnen til familien på Smelvær kunne like gjerne råke dei sjølve. Ønsket om å hjelpe til var stort og folk gav av det vesle dei hadde.

Gravferd 17. juli

Dagane etter at stormen hadde løya, fann dei ikkje lika etter Bertel, Konrad og Alf. Først ein god månad seinare dukka liket etter Bertel opp på eit skjær, ikkje langt frå der dei fann den knuste færingen. Dagen etter fann dei liket av Alf. I avisa kan vi lese at det var uråd å kjenne att leivningane, så dei måtte identifiserast ut i frå kleda dei hadde på seg. Leivningane etter Konrad vart aldri funne. Den 17. juli fortel Fylkestidende at det skal vere gravferd for Bertel og Alf Smelvær same dagen. Firda Folkeblad som kom ut dagen etter skriv meir utfyllande om minnestunda og gravferda:

Gravferdi

De to omkomne blev begravet på Askvoll i går. Båt efter båt stevnet mot Smelvær med slekt og venner som vilde vise sin deltagelse med den hårdt prøvede familie. Havet lå som et speil i det vakre sommervær. Det var vid utsikt utover og mangt et øie søkte dit hvor den forferdelige ulykke hendte. På tunet stod det to hvitmalte kister. Efter salmen «Den siste skilnad er vel sår» talte generalsekretær Lyngstad som hadde konfirmert begge sønnene da han var sogneprest i Askvoll. Han nevnte at på mindre enn et halvt år var tre av hans konfirmanter fra samme hus gått bort. Den omkomne Konrad Smelvær mistet sin hustru i januar. Pastoren leste ordet fra 5. mosebok 29, 29: «Det skjulte er for Herren vår Gud og det openbare er for oss og våre barn» og gav uttrykk for den sorg og gru som hadde grepet folket herute ved denne ulykke.

Kistene blev så ført til Askvoll kirke som var vakkert pyntet. Der talte kst. Sogneprest Haugen. Ved graven forrettet pastor Lyngstad og rettet til sist en takk til de mange som hadde vist sin deltagelse med den hårdt prøvede familie som på en dag mistet alle sine mannlige medlemmer.»

For oss som har vore så heldige å oppleve Smelvær på ein finversdag, kan vanskeleg sjå føre oss to kvitmåla kister på tunet, omringa av eit folkehav. Båtane nede ved kaia må ha blitt fortøyd saman, slik at ein kunne gå tørrskodd over båtane til lands. Smelvær, som dei fleste andre øy-samfunn får sjeldan gjestar. Kom det folk til Smelvær, var det fordi dei hadde eit ærend dit. Som oftast var det øybuarane som måtte setje seg i båten og oppsøke folk. Men den 17.juli 1939, var det Smelvær folk oppsøkte. Og det var med tunge hjarte dei gjekk i land på øya.

Under minnestunda og ved Askvoll kyrkje vart det tatt fleire bilete den dagen. Etterkommarane til Gudrun lar oss få trykke desse bileta:Frå den private minnestunda på Smelvær. Frå venstre: Gudrin som held Solfrid på armen, Mathilde og ein bror av Mathilde.
Frå den private minnestunda på Smelvær. Frå venstre: Gudrin som held Solfrid på armen, Mathilde og ein bror av Mathilde.

Frå den private minnestunda på Smelvær. Generalsekretær Lyngstad, som konfirmerte begge brørne då han var prest i Askvoll, talte ved minnestunda.
Frå den private minnestunda på Smelvær. Generalsekretær Lyngstad, som konfirmerte begge brørne då han var prest i Askvoll, talte ved minnestunda.

Kistene blir bore ned i båten for å bli frakta til Askvoll kyrkje.
Kistene blir bore ned i båten for å bli frakta til Askvoll kyrkje.

Frå bisettinga ved Askvoll kyrkje.
Frå bisettinga ved Askvoll kyrkje. 

Hausten

Sommar gjekk over til haust og kvardagen måtte ta til for dei attlevande. Avdrag på lånet måtte betalast. Det vart halde fleire auksjonar i løpet av haustmånadane, der fiskereiskapane til Bertel, Konrad og Alf skulle under auksjonshammaren. Bertel var også deleigar i fleire notbruk i distriktet. Var ein med på eit notbruk, laut ein også stille med arbeidskraft i sesongen. Sidan alle mennene var vekke, var det ingen som kunne ta Bertel sin del av arbeidet i notbruka. Damene trengde pengar og fekk nok seld unna det dei kunne avsjå.

Nytt år

I Fylkestidende 19. februar 1940 og i Firda Folkeblad 20. februar 1940, kjem det på ny ei notis i frå soknepresten, ordføraren og lensmannen i Askvoll. Notisen er ein takk til alle gjevarane. Til saman vart det samla inn 3500 kroner til dei tre attlevande på Smelvær. Ei nemnd beståande av dei same tre mennene skulle styre pengane. 3500,- 1939 kroner svarar til 106 477,- 2014 kroner. Folk hadde vist ei stor gjevarglede i denne saka. Takke notisen kan fortelje oss at noko av pengane vart brukt til å få kledning på huset. Mykje vart sett av til å betale komande avdrag på huset, men 64 kroner og 17 øre vart plassert på ei eiga bankbok. Denne bankboka vart sett i vesle Solfrid sitt namn. Til sist i takkenotisen står det at det er heilt sikkert at Matilde, Gudrun og Solfrid ikkje hadde klart å behalde garden om det ikkje hadde vore for pengegåva.

Lokalsamfunnet redda Mathilde, Gudrun og Solfrid

Ulykka på Smelvær var ei tragedie for familien og lokalsamfunnet. Men vi skal ikkje gløyme at historia kunne enda så mykje verre enn den gjorde. Like gjerne kunne avisa fortalt om ein tvangsauksjon som sette to kvinner og eit barn på gata. I staden kan vi lese om eit ønske om å gi av det vesle ein hadde. Ein felles dugnad som gav Mathilde, Gudrun og Solfrid moglegheit til å behalde heimen sin. Dette er ei viktig side av historia som også må komme fram.

I dag er det barnebarnet til Gudrun Smelvær (gift Sætre) som eig garden.  

Kjelder

  • Firda Folkeblad og Fylkestidende for Sogn og Fjordane.
  • Askvoll kommune. Formannskapet. Møtebok 1938-1949
  • Henning Sætre – eit av barnebarna til Gudrun Smelvær.