Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Slektsgransking og utvandring

Er du mellom dei mange som driv med slektsforsking? Arkiva er sentrale kjelder i dette arbeidet, og du vil finne mykje relevant kjeldemateriale hjå fylkesarkivet.

På nettsidene til Digitalarkivet kan du søkje i folketeljingar, kyrkjebøker, emigrantprotokollar, tingslysingsbøker, m.m, og du vil finne både scanna materiale og fulltekstavskrifter.

På nettsidene til organisasjonen Slekt og Data finn du søkjeportalen "Gravminner i Norge".

Utvandring

Fylkesarkivet har ein eigen database med amerikabrev, med om lag 3 000 registrerte dokument. Det er i hovudsak tale om korrespondanse USA-Noreg, men det finst òg brev frå andre land.

Fylkesarkivet har i tillegg bygd opp ei Amerika-samling, US-Collection, som inneheld slektstavler og anna informasjon om utflytte sogningar og fjordingar.

Tips en venn Skriv ut

Relaterte lenker