Trekkspelar og fylkesmusikar gjennom 28 år, Oddbjørn Ramstad, hadde i 2015 og 2016 delar av arbeidstida si knytt til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Her arbeidde han med å dokumentere på notar slåttane han sjølv har laga gjennom eit langt spelemannsliv.

- Eg rakk å skrive ned heile 145 av slåttane mine før eg gjekk av med pensjon! Neste prosjekt blir å spele inn alle slåttane, fortel Oddbjørn med stor entusiasme.

Det er gamaldansen som står i sentrum når Oddbjørn komponerer. Vals, reinlender, polka og masurka. Nokre korte, nokre lange. Nokre for nybegynnarar, nokre for den virtuose. Ein og annan springar, marsj og roleg stemningslåt har det også blitt.

No publiserer fylkesarkivet slåttane i eit eige notehefte, og gjer på denne måten materialet tilgjengeleg for alle interesserte.

Ein gudbrandsdøl i Sogn

Oddbjørn trakka sine barnesko i Skjåk i Gudbrandsdalen, og starta si musikalske karriere med å spele tradisjonelle danseslåttar på durspel. Etter kvart gjekk han over til durspelet sin «storebror», trekkspelet, og fekk gå i lære hjå den internasjonalt anerkjende trekkspelaren Toralf Tollefsen. Slik fekk han bli kjend med eit større repertoar og ulike spelestilar. Etter kvart sikta han seg inn på lærarutdanninga i Sogndal, og har sidan vore busett her.

I 1989 fekk Oddbjørn arbeid som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane, og ei av arbeidsoppgåvene var undervising av unge, håpefulle durspel- og trekkspelelevar. Bjørn Ravnestad frå Breim er mellom dei som har fått lære av Oddbjørn, og dei spelar saman den dag i dag.  

- Eg var 10-11 år gamal då eg begynte å gå i lære hjå Oddbjørn, og både spelestilen og slåttane hans har i veldig stor grad forma meg som musikar. Spekteret hans som komponist er stort, og han har laga både reine trekkspelkomposisjonar, slåttar for samspel mellom fele og trekkspel, og slåttar for durspel, fortel Ravnestad.

Slåttekomponisten

Fleire av komposisjonane har blitt spelt inn og gitt ut på plate, mellom anna av Ramstadlaget. Her er Ravnestad fast medlem i orkesteret.

- Noko av det som kjenneteiknar Oddbjørn som komponist, er dei litt overraskande og originale måtane han vel å bruke harmoniar på. Ofte ser han sitt snitt til å nytte mollvendingar, noko som ikkje er veldig vanleg i den tradisjonelle musikken her i fylket. Så er jo sjølvsagt den musikalske bakgrunnen med han i alt han gjer, og slikt blir det særpreg av, avsluttar Ravnestad.

Gitarist Øyvind Lyslo er også mellom dei som har spelt saman med Oddbjørn, og han har laga gitarstemmer til mange av slåttane.

- Oddbjørn har alltid gitt meg «frie tøyler». Det har inspirert meg til å lage små og utfyllande stemmer i gitararrangementa. Kanskje er det uvanlege løysingar, men musikken til Oddbjørn byr veldig inn til akkurat det. Så tykkjer eg han tøyer det harmoniske på ein raffinert måte, og legg opp til rytmiske finessar. Ikkje minst har han ei melodisk periodekjensle som gjer det lett å orientere seg i det musikalske landskapet, seier Lyslo.

Notar tilgjengeleg for alle interesserte

Framside hefte.jpg

Dei 145 slåttane er no tilgjengeleg på notar for alle interesserte. På fylkesarkivet sin lesesal vil du finne heftet i papirformat, medan du på denne lenkja kan laste ned ei digital utgåve: Slåttar for einaradar, toradar og trekkspel.

Dersom du ønskjer å skrive ut heftet, kan du laste ned heftet i utskriftsversjon.