Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane som starta i 2015 og vart avslutta i 2018. Målet var å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune, nærings- og kulturavdelinga. Frå 2019 gjekk prosjektet med å samle og ta vare på skulehistorie, over i det daglege arbeidet ved fylkesarkivet. 

Du kan lese meir om prosjektet på lokalhistoriewiki.no.

Korleis kan du bidra? 

I ein del kommunar har vi også fått på plass informasjon om krinsane og skulehusa som har vore i desse, samt bilete, forteljingar, historier med meir. Men det er mykje som framleis står tomt, og vi trenger hjelp til å fylle på informasjon.  

  • Send inn ditt bidrag - foto, minne, forteljing eller faktaopplysning - på e-post: sigrun.espe@vlfk.no
  • Rediger og legg til innhald på LokalhistorieWiki - vi kjem gjerne og held kurs i din kommune om de er fleire som er interessert. 
  • Send oss artiklar som vi kan publiserer på Kulturhistorisk leksikon eller på heimesida vår
  • Ta opp på lyd eller skriv ned historier frå skuletida i gamle dager, og send det til oss. 
  • Engasjer frivillige i sogelag, grendalag eller liknande til å samle inn og skrive ned fakta og historier frå din kommune/krins/skule.

Vil du bidra med informasjon om skulehistorie i din kommune? Ta kontakt!

Eit klasserom på den gamle skulen i Reksta, kjend som Rekstakjellaren. cc-by-sa

Eit klasserom på den gamle skulen i Reksta, kjend som Rekstakjellaren. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune. cc-by-sa