Skulearkiva er svært innhaldsrike og kan innehalde langt meir enn skuledagbøker, karakterprotokollar etc. Ved nokre skular har det vore tradisjon med å gje ut skuleaviser, og gjennom desse får vi ein glytt inn i skulekvardagen sett frå elevane si side.

Vi har denne gongen funne fram til skuleavisa «Solglytt», 1920 – 23, frå Eid Middelskole, seinare Eid realskule. Avisene er handskrivne protokollar og var fast innslag på elevlagskveldane, som ser ut til å ha gått av stabelen kvar eller annan kvar laurdag. Kor lenge denne elevlagsavisa vart gitt ut, veit vi ikkje.

Avisene hadde to valde redaktørar, frå nummer til nummer, og begge kjønn var representerte. På elevlagskveldane vart det også valt ein opplesar til neste gong. Blant skribentane finn vi også tidlegare elevar. Avisa gjev innblikk i noko av det dei unge var opptekne av i si samtid, og skjemt og alvor går hand i hand. 

I «Solglytt» fekk dei unge skriveglade utfalde seg fritt, og vi kan mellom anna lese om dei nære ting som det å vere ungdom med brusande kjensler og djupe tankar, heimlengt,  pugge- og eksamensstrid, hybelliv, omtale av skulekvardagen med karakteristikkar, ofte både ironiske og kanskje nådelause, både av lærarar og medelevar. Innhaldet er utforma i avisstil der vi finn «telegram», debattinnlegg, annonsar, dikt, vitsar, småstykkje, referat etc.  

Vi «saksar» litt frå humorspalta laurdag 16. 0ktober 1920, og konstaterer at ungdom er ungdom. I dag vil språket vere endra, forma likeeins, men tematikken er i stor grad den same.

Her får vi ei oppskrift på Amorpudding: 

«To pund kjærlighet, deri rørers et pund elskov, tilsættes med kyss efter smak og behag. Den serveres i dunkel belysning, kun for to personer på en bløt divan.»

Vel bekommen.