Kjelda

Kjelda er eit tidsskrift for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane. Vi er alltid på jakt etter spennande stoff og nye artikkelforfattarar. 

Har du lyst å skrive for Kjelda? Ta kontakt med Per Olav Bøyum i redaksjonen.

Kulturhistorisk leksikon

Kulturhistorisk leksikon er eit digitalt leksikon med over 1 800 artiklar frå Vestland. Her kan du mellom anna finne artiklar om materielle og immaterielle kulturminne, historiske hendingar, arkivsaker og personar. Fylkesarkivet står bak tenesta, men forfattarar med ulik bakgrunn har bidrege.

Har du lyst å skrive for Kulturhistorisk leksikon? Ta kontakt med Per Olav Bøyum

Skulen min

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal.

Har du lyst å bidra med informasjon om skulen din, skuletida di eller skulehistorie frå fylket generelt? Ta kontakt med Silje Engeland