Harald Seim var ein viktig sunnfjordkunstnar frå Kinn som levde i perioden 1882 til 1975. Han har ein alsidig produksjon med mykje motiv i frå heile fylket. Fylkesarkivet er svært glad for å ha motteke desse skisseblokkene. I tillegg fekk fylkesarkivet i gåve to bøker om Harald Seim og broren, språkmannen Einar Seim. Omtalt i boka som "Noregs lærdaste bonde". Desse bøkene er forfatta av Magnus Helge Torvanger.