Dagboka var protokollen der læraren førte oppmøte og fråvær og eventuell årsak til fråvær. Det skulle førast dagbok i alle krinsar for alle elevar. Om ein skuleelev hadde flytta ut av krinsen skreiv ofte læraren ein merknad på at eleven hadde flytta og kva for ein krins eleven hadde flytta til. Om fråværet skuldast sjukdom eller dødsfall i familien kan vi lese det i merknadsfeltet. I dagboka frå Reed merkar eg meg at det er ein del fråvær grunna lange bryllaup. I 1864 hadde 8 elevar i småskulen 4 dagar fråvær kvar på grunn av bryllaup. Her har vi truleg eit bryllaup som har vart tre dagar til endes i tillegg til lang reiseveg.

For enkelte år skriv læraren kva dei har gått gjennom i løpet av skuleåret. I 1865 kan vi lese at dei hadde  bibelhistorie frå Isak til David og Goliat. Dette gir oss unike glimt tilbake til skulebenken i tømmerstova der Reed skule heldt til. Her sat 12 år gamle Jøde Olsdatter Bø og høyrde på at lærar Lars Rasmussen Gåsemyr fortalde om Isak som skulle ofrast på Morias berg. Kanskje ho sat fremst på benken og fekk med seg kvart eit ord læraren sa. Eller hadde ho kanskje ein tendens til å forsvinne i ein dagdraum, langt vekk frå bibelhistoria? I ordenskarakterar har ho i alle fall fått 2 i flid og 1 i oppførsel.

Kjelde for deg som er på leit etter slekta

Om du er på leit etter slekta er skulearkiva ein god innfalsvinkel. Ein kan hente mykje informasjon gjennom folketeljingane, men om nokon flyttar fleire gongar mellom dei ulike teljingane kan dagboka vere ein god plass å leite. Skulearkiva strekker seg også lenger fram enn folketeljingane, som stoggar med teljinga i 1910.

Ei dagbok er ei god kjelde til å gje historia «kjøt på beina». Vi kan finne informasjon om sjukdomsforhold, vanskelege skulevegar og ikkje minst om familiar som sleit økonomisk og ikkje hadde pengar til sko til barna sine. Denne dagboka er verkeleg ei skattekiste om historia til gamle Breim kommune.