Eikås er ein av utøvarane frå fylket som er breiast dokumentert i tradisjonsmusikkamlinga vår, og ikkje minst har han vore ansvarleg for innsamlinga av mykje materiale til musikkarkivet.

Denne helga vart boka "Skapt til spelemann" (Sejla) lansert, og her kan du lese om kulturpersonlegdomen, organisasjonsmennesket, spelemannen og komponisten som har sett djupe spor etter seg både lokalt, regionalt og nasjonalt! Både boka og plata "På hogg og belegg" (talik) vil du finne i biblioteket vårt.

Vi gratulerer jubilanten og nyttar høvet til å løfte fram att artikkelen om Eikås som vi publiserte i 2016: Sigmund Eikås - mitt arkiv