Sigrid Moldestad er ein etablert og allsidig artist og komponist med stor spennvidde i musikken sin.  Den eine augneblinken spelar ho tradisjonelle slåttar solo på fele, og den andre augneblinken syng ho sjølvskrivne låtar med fullt band. Inspirasjonskjeldene er mange, men som ein raud tråd gjennom det heile høyrer vi små og store brotstykkje frå det tidlause i folkemusikken.

- Det er til arkivet eg går når eg skal hente ny inspirasjon. Eg lyttar alltid på gamle opptak når eg skal finne ny kraft. Eg finn alltid noko nytt der. Det kjem litt an på kvar ein er i livet sjølv, trur eg. Det fins alltid eit lag til å hente fram. Så om eg ikkje alltid brukar låtane konkret, finn eg alltid noko å undre meg over -  nye musikalske impulsar og inspirasjon.

På leiting etter skattar

I arkivet har Moldestad blitt kjend med nye utøvarar og nye spelemåtar, og ho har funne gamal musikk som ho har gjeve nytt liv. Mykje er resultat av målretta leiting, men det har også dukka opp skattar dei gongane ho har surfa i det ukjende.

- Eg elskar å leite etter skattar. Nokre gonger er ein på leit etter heilt konkrete ting, men som regel dukkar det opp andre saker på vegen når ein sit og lyttar seg gjennom musikk og blar i  notar. Så det er alltid stor inspirasjon! 

Spelelista frå arkivet

Moldestad er oppvaksen i Breim, og har hatt fleire gode læremeistrar i lokale spelemenn der. Som mange andre felespelarar, har ho supplert møtet med meistrane med å lytte til opptak med eldre utøvarar. Namna er mange, og til saman er dei med på å skape eit breitt bilete av ein mangefasettert utøvartradisjon.

- Eg har sjølvsagt høyrt mykje på opptak med spelemenn i mine heimtrakter. Viktige namn i Breimstradisjonen er Peder Råd, Per Støyva, Gabriel Reed, og Paulen-brørne. Så har vi utøvarar som  Alfred Maurstad, Jon Rosenlid, Kristen Mardal,  Kristense Fitje, Ola Bruland og Bendik Brynestad. For ikkje å gløyme Honndalsspelemenn som Lars Hjellbakk og Jens Maurset.

TAUS – ikkje lengre taus

Mange hugsar konsertframsyninga TAUS, der Moldestad på meisterleg vis fortalde dei gløymde historiene om kvinnene i folkemusikken. Både tradisjonelle slåttar og eigne komposisjonar var med på plata ho gav ut med same namn, og som ho vann Spellemannprisen for i 2008.

- I samband med TAUS brukte eg mykje tid i arkiva. Ikkje minst for å finne meir musikk spelt inn med kvinnelige kjelder som utgangspunkt. Av dei eg fann der brukte eg fleire og skapte dels mine eigen variantar av nokre av innspelingane. 

Moldestad turnerte med TAUS over ein lang periode, og i 2013 var ho solist med KORK der to låtar frå TAUS sto på programmet.