Gjennom ei årrekkje har han leia Indre Sunnfjord Spelemannslag til topps på små og store kappleikar, og det er ikkje reint få som har lært å traktere hardingfela under kyndig rettleiing frå Eikås. Som fylkesmusikar og frilansar har han sett folkemusikken frå Sunnfjord på kartet, og fruktene av arbeidet hans vil vi sjå lenge.

- Då eg var ung, var det ikkje så mange eg kunne gå til for å lære. Det tradisjonelle hardingfelespelet var nesten utdøydd, og eg måtte gå til arkivet for å finne dei gamle slåttane. Så det er i grunn takka vere innsamlingsarbeidet til Arne Bjørndal eg kunne starte arbeidet med å rekonstruere tradisjonen slik den var her. Utan arkivet hadde vi truleg ikkje hatt noko eige og lokalt repertoar frå Sunnfjord i dag.

Populærmusikk på hardingfele

Eikås vaks opp i ein musikkinteressert heim, der foreldra var ivrige tilhøyrarar kvar gong Folkemusikktimen gjekk på lufta.  Det vanka og besøk av spelemenn i heimen, og det gjorde inntrykk på ein liten gutesjel då jølstraspelemannen Knut L. Sandal gav minikonsert til han på sengekanten.

- Bestefar min spelte fele, men eg var for ung og han for gamal. Far min spelte òg fele, to søndagar i året ute i hagen. På repertoaret stod «Under den hvite bro» og slagerar frå 20- og 30-talet. Det var mange som hadde det slik – dei spelte dåtidas popmusikk på hardingfele! Men eg lærde ikkje ein einaste tone av far min, og trur eg må ha vore minst like god til å spele som han då eg var 10-11 år.

For Eikås var det mest det tradisjonelle slåttespelet som lokka, og han reiste til Voss for å lære av Sigbjørn Bernhoft Osa. Der fekk han smake på vossaspelet og arven etter Mosafinn.

- Eg spelte dei slåttane eg tykte var fine og som eg likte. Det var ikkje først og fremst slåttar frå Sunnfjord, men slike eg høyrde dei store førebileta mine, særleg Odd Bakkerud og Lars Skjervheim, spele. Men så starta vi opp med spelemannslaget, og då vart eg meir og meir interessert i det lokale stoffet.

Å spele slåttane slik dei er best

Eikås har lytta til så å seie alt som fins av eldre opptak frå Sunnfjord, og oppdaga fort at her var det mykje som skilde seg totalt frå det han hadde lært på Voss.

- Eg har prøvd å danne meg eit bilete på ein tradisjon, og så har eg gjort det på min måte. Det er i høgste grad ei personleg tolking, men samstundes ville eg ikkje vore ærleg med meg sjølv om eg ikkje hadde gjort det på min måte. Det har vore viktig for meg å spele slåttane slik eg tykkjer dei blir best  for meg. Ofte har eg nok både trekt frå og lagt til, utan at dette nødvendigvis har vore veldig medvitne val.

Det er slåttemusikken som bruksmusikk, som dansemusikk, som har prega Eikås si tilnærming til gamle notenedskrifter og lydopptak. Danseapellen er viktig, og heilt avgjerande for korleis slåtten blir forma og framført.

- Opp! Eg tenkjer alltid opp. Dansarane må opp frå golvet. Det ligg til grunn for alt eg gjer. Samstundes er eg oppteken av korleis spelemennene pynta slåttane, korleis dei brukar fingrane for å slå slag. Dessutan er eg oppteken av å finne lynnet og ånden i slåttane, og her kan det vere store skilnader frå slått til slått.

Ape før skape

«Ein må ape før ein kan skape» er eit mykje brukt ordtak, og særleg gjev det meining når ein skal lære seg eit handtverk og ein tradisjon. Eikås har apa, men han har også skapa. Fleire eigenkomponerte slåttar har det blitt, og dessutan har han bygd ut og forma om ei rad av dei eldre slåttane.

- Springaren vi kallar Bensen lærde eg frå ei notenedskrift, men slik eg spelar den i dag er det berre 2-3 takter i starten som er like slik Bensen spelte det og som er skrive på notane. Resten er «løgn og forbannet dikt»! I ettertid ankar eg på fleire ting eg har gjort, men dette var den første slåtten eg verkeleg gjekk inn i. Og så vart han slik.

Eit utgangspunkt for alle

Mykje grunn til å anke på det han har gjort med Bensen, har ikkje Eikås. Slåtten er i dag ein av dei meste «populære» blant dei nye generasjonane hardingfelespelarar, og har vore eit trufast tevlingsnummer på tallause kappleikar.

- Ingen har fasiten på korleis ein slått skal formast og spelast. Heller ikkje eg. Det viktige er at det i arkiva ligg kjeldemateriale tilgjengeleg som eit utgangspunkt for alle. Då kan folk gjere kva dei vil med slåttane, og ikkje henge seg opp i kva andre har gjort med dei. Det er frykteleg viktig, voldsomt viktig!