Tilrådinga frå kommuneinndelingskomiteen av 1946, meir kjent under namnet Schei-komiteen, om korleis det kommunale landskapet i Sogn og Fjordane skulle sjå ut, er no digitalisert.

Det kommunale hamskiftet

Det kommunale hamskiftet er ei mykje nytta nemning på dei store strukturelle og institusjonelle endringane som kommunal sektor gjekk gjennom frå slutten av 2. verdskrig og fram til 1970. Kommunane hadde gjennom historia stort sett fått styre seg sjølve utan statleg innblanding, og kommune-Noreg var svært ueinsarta og hadde svært ulike ressursar til å initiere og løyse oppgåver til det beste for innbyggjarane sine. Arbeidarpartiet, som etter frigjeringa sat i regjering og hadde fleirtal på Stortinget, ynskte meir jamsterke kommunar for å takle dagens og framtidas oppgåver.

Ei storstila kommunesamanslåing landet over

Nikolai Schei frå Førde, fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1945 — 1971, vart i 146 oppnemnd til leiar av Kommuneinndelingskomiteen. Denne komiteen gav i perioden 1946-1962 ut tre store innstillingar som la grunnlaget for ei storstila kommunesamanslåing, samt grenseendringar over heile landet, hovudsakleg frå 1963 — 1965. Som følgje av Schei-komiteen si innstilling vart talet på kommunar reduserte frå 747 til 454. Tilrådingane frå komiteen skapte store politiske bylgjer i mange kommunar då mange såg innstillinga som ei statleg overprøving av det kommunale sjølvstyret.

Interessant lesnad og god sekundærkjelde

Arbeidet til Schei- komiteen fekk også fylgjer for mange kommunar i vårt fylke. Det var mellom anna i denne perioden at kommunane Jostedal, Hafslo og Luster vart samla til eit kommunerike. Dokumentet vi har lagt ut handlar om Sogn og Fjordane og er interessant historisk lesnad, ikkje berre av di det er interessant å sjå kva komiteen la vekt på i utgreiingsarbeidet sitt, kva kommunar som vart slegne saman og grenseregulerte, men også av di dokumentet er ei god historisk kjelde. Her finn vi ei rekkje faktiske opplysningar om den einskilde kommunen slik han såg ut kring 1960, både med omsyn til folketalsutvikling, næringsliv, kommunikasjonar, kommunale tilbod etc.

Innleiingsvis vert det gitt oversyn over den økonomiske utviklinga i kommunane i perioden 1936/37 til 1959/60, folketalsutviklinga for den same perioden og den økonomiske stoda i kommunane per 1959/60. Det vert deretter gitt korte framstillingar av kommunane, og på bakgrunn av desse vert det så gjort greie for ” (…) for dei spørsmål om regulering av kommunegrenser som har vore reist under komitehandsaminga. Vidare skal ein koma med framlegg til dei grense- og inndelingsendringar som ein meiner bør gjennomførast.”

Kjelder og litteratur:

UIO. Det samfunnsvitenskapelige fakultet. Etterkrigstid: Sjølvstyre i statens teneste.  Lese 18.01.2010

Store norske leksikon. Nikolai Schei. Lese 18.01.2010