Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av stadnamn i Vestland. Etter å ha arbeidd i mange år med stadnamn, har Randi Melvær blitt ekstra merksam på stadnamn i ymse samanhengar.

– I denne barnesongen er det eit stadnamn som eg ikkje kunne plassere heilt utan vidare, og eit som kan plasserast, seier Randi Melvær

Her kan vi lese litt om Randi sitt arbeid med å nøste opp i bakgrunnen for dette stadnamnet.

Song i barndommen

SFFf-100227_MNHorne-101549-09-252 (2).jpg.iCfj8pm7MYAZAA.hFNM8iH3fu.jpgEg er oppvaksen med denne barnesongen som vart sunge på melodien til Ro, ro til fiskeskjer. Dette er den versjonen far song:

Ro, ro til Baltanskjer
Der sat ei kjerring og fraus i hel,
Kunn’ ikkje danse på nota
På sine små klumpete fota.
Lån oss ein hammar og lån oss ei tong,
Så skal vi snart får kjerringa på gong, gong, gong.

Kvar er så Baltanskjer?

Eg har lurt på om Baltanskjer er eit verkeleg stadnamn. Jakob Sande har skrive eit dikt om Baltanskjer. Språkforskaren Gunstein Akselberg har gått gjennom stadnamna diktaren brukte. Etter å ha spurt to informantar frå Fjaler, konkluderte både dei og han med at dette var eit oppdikta namn, for han dikta også stadnamn, som t.d. Glurvenuten. Sidan informantane frå Fjaler ikkje kjende til noko Baltanskjer, kan vi rekne med at dette i alle høve ikkje er noko skjer i Fjaler. Eg lurer på om kanskje diktaren kjende barnevisa anten frå song i barndomen eller frå ei lesebok brukt i skulen? Var det frå den han hadde stadnamnet?

I musikkarkivet vårt finn vi Ro, ro til Baltanskjer sunge av ein utøvar frå Fjaler, Jonas Åsnes. Han har ein heilt annan tekst enn far min hadde. Her var det ikkje noko kjerring som fraus, men ein fiska sei som ein salta ned og selde.

Eit par søk i www.fylkesatlas.no og https://stadnamn.fylkesarkivet.no/ gav treff på Baltarneset (Baltar- med r) på øya Hovden i noverande Kinn kommune (tidlegare Flora). Dette neset er ein del av tidlegare gardsnummer 4, bruksnummer 10 Barekstad. Vi har ikkje samla inn noko Baltarskjer-namn, dessverre, men, det er fleire skjer i området sør for Baltarneset.

«Baltaren» finn vi i Flemsvika i Haram kommune, Møre og Romsdal. Det står dessverre ikkje i innsamlinga kva det er namn på, om det er eit skjer, men det er plassert midt ute i ei vik.

«Balten» er eit kuppelforma skjer i flomålet. Dette finn vi i Meland kommune i Nordhordland. 

Kan Baltanskjer vere på Shetland?

Hamar and Baltasound pier_ Mike Pennington cc by-sa.jpg
Foto: Baltasound, fotograf Mike Pennington (cc by-sa)

På Shetland finn vi stadnamnet Balta. Dette er ei lita øy. Det er ingen som bur på øya i dag. Den ligg aust for landsbyen Baltasound på øya Unst. Det er nok også skjer rundt øya Balta. Kanskje dei heiter Balta skerries? (Skerri blir brukt som stadnamn for skjer på Shetland.) Eg har fundert på det.

Eit stadnamn og ein song om rike sildefiske vest i havet?

Etter at vi har hatt eit spørsmål ute på facebooksida vår og spurt publikum, har eg fått eit godt innspel frå Berit Sandnes! Berit Sandnes arbeider i Kartverket og er stadnamnansvarleg for Midt-Norge. Ho har også ein doktorgrad i dialekten på Orkenøyane.

Sandnes gav oss eit godt svar på funderingane mine. Ho har vore på Unst på Shetland og høyrt om dei rike sildefiskeria, der svært mange nordmenn var med. Då ho var turist der, fekk ho også presentert barnesongen frå Norge. Ho skriv at Baltanskjer og Baltasound er det same. Sound – sund - er blitt til skjer – som er meir forståeleg for ein nordmann, kanskje? Det var mange nordmenn som tok del i sildefisket ved Shetland.

I boka «Shetland» skriven av Jill Slee Blackadder (2003) finn vi på side 102 om Baltasound og Balta:

«Baltasound is a large settlement clustered around the shore. The harbour is greatly protected against the worst of the heavy seas by the barricade of Balta Isle, which lies a few miles out to the east. At the beginning of the twentieth century Baltasound was a seething hive to commercial activity with all the herring traffic: boats, fishing stations, gutters and coopers and their accomodation sheds. Unst has never seen busier times.

At that time, Balta itself had many fishing stations and working piers. Now only tattered fragments of concrete and iron remain to poke up from among the rocks and sand.»

Dansken Jakob Jakobsen skreiv at øya Balta aust for Unst og Baltasound har namnet sitt etter mannsnamnet Balti. «Mandsnavnet ‘Balti’ nævnes i Håkon Håkonsens saga som forekommende på Shetland. Efter sundet mellem Balta og Unst (Baltasound) har bygden Baltasound på Unst fået sit navn.»

Elles skreiv han at i stadnamn nyttast namneformene sker og skerri. I talemålet seier dei skerri.

På Shetland tyder «ba» i daglegtale eit blindt skjer. «Bod» er sjøen som bryt på skjeret, høg bølge. «De Bod» er på Balta Isle aust for Unst.

Kjelder:

  • Tekst etter Steinar Melvær (1923-2015), frå gamle Kinn kommune i Sunnfjord.
  • Strilakultur: Ro, ro til Baltaskjer
  • Blackadder, Jill Slee, «Shetland: Island Guide». Colin Baxter, 2003
  • «Sulingane seie so...» Folkeminne frå Solund, ved Cecilie Lovise og Svein Mjåtvedt. Norsk Folkeminnelag, Oslo 1981. Digital versjon på nb.no.
  • Jakobsen, Jakob: «Shetlandsøernes stednavne». København 1901.
  • Sande, Jakob: «Dikt i samling. Ny og auka utgåve» Gyldendal 1998. Digital versjon på nb.no.
  • Akselberg, Gunstein: «Frå Glurvenut til Jerusalem. Stadnamna i lyrikken til Jakob Sande». S.100-134 i årboka "Jakob Sande 2002". S.106.
  • «Norsk stadnamnleksikon», red. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug, Samlaget, 1980.
  • Språkrådet, brev om skjeret «Balten»