Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har dei historiske arkiva til 23 kommunar og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Det blir 24 kommunale/fylkeskommunale arkiv! Sett slik flaks? Vi kom fram til at vi rett og slett må lage ein protokoll-adventskalender for desember 2017! 

I kalenderen vår kjem vi til å presentere ein ny protokoll frå ein ny kommune kvar dag. Her kjem vi til å sei litt om kva protokollen inneheld og kva den kan fortelje oss. Vi har mykje spanande å by på! Nokon er store andre små, enkelte er flott skinninnbundne med gullskrift andre er knapt meir enn ei slitt skriveblokk. Men alle har dei det til felles at dei kan vise oss interessante og ofte ukjende sider av historia til fylket!

Følg oss på facebook eller her på heimesida om du vil bli med på protokoll-adventskalenderen vår! 

Mann står med kamera, ved kvitt bord med ein protokoll. Store lamper rundt.

Her er Javad godt i gang med å fotografere protokollane.