Fjernsyns- og videoselskapet Vest Vision AS vart oppretta i 1986 og var det første i sitt slag i Sogn og Fjordane. Selskapet produserte opplysningsfilmar, bedriftspresentasjonar, reklamefilmar og dokumentarar. Mange av opptaka er frå Sogn og Fjordane og dokumenterer ein periode av fylket si historie og samfunnsutvikling som det elles er bevart svært lite audiovisuelt og fotografisk kjeldemateriale frå. Videoarkivet etter Vest Vision AS omfattar materiale frå om lag 100 ulike oppdrag i perioden 1986-1993. Totalt er det snakk om i overkant av 1600 videokassettar og –band med både ferdige produksjonar og råopptak. Løyvinga på kr. 260.000,- frå Norsk Kulturråd vil gå til digitalisering av dette viktige kjeldematerialet.

Fotograf Elen Loftesnes (1905-1979) dreiv som fotograf i Sogndal frå kring 1930 til ein gong ut på 1950-talet. Det er ein fragment av Loftesnes sin produksjon som er bevart hjå fylkesarkivet, anslagsvis 3000 negativ og 3000 positiv. I det bevarte materialet finn vi både atelierportrett, prospekt og bilete frå aktuelle hendingar i lokalmiljøet. Arkivet etter Elen Loftesnes er eit viktig fotoarkiv i eit regionalt perspektiv, ettersom det utgjer eitt av berre to bevarte fotoarkiv etter dei kvinnelege fotografane frå Sogn og Fjordane. Samstundes er det også eitt av to bevarte fotografarkiv frå regionsenteret Sogndal. Dette materialet skal vi no ordne, digitalisere, registrere og gjere tilgjengeleg på internett. Som del av prosjektet vil vi også samle inn historikk knytt til Elen Loftesnes si fotografverksemd. Løyvinga på kr. 260.000,- frå Norsk Kulturråd til dette prosjektet er gitt som tilskot for 2019, med atterhald om Stortinget sitt budsjettvedtak.