Arkivportalen gjer det mogeleg å søke i arkiv og kjelder på tvers av samfunnssektor, forvaltningsnivå og oppbevaringsinstitusjon. Fylkesarkivet har fram til no hatt ein eigen database med arkivkatalogar, men han har ikkje blitt oppdatert på dryge 10 år.

Arkivportalen gjer det mogeleg å søke etter stikkord under arkivnivå, noko som ikkje var tilfelle i den gamle katalogbasen vår. Det er no ei smal sak å finne fram kva fylkesarkivet måtte ha av til dømes amerikabrev i samlingane våre. Dette siste føreset rett nok at arkiva er godt ordna, noko som slett ikkje alltid er tilfelle.

Publiseringa er del av arbeidet med ein verneplan for privatarkiv, som vi no er i full gang med. Ein viktig bit av dette arbeidet er analyse av registrerte privatarkiv. I Arkivportalen ligg det no 1710 privatarkiv som er oppbevarte i våre magasin på Hermansverk. Den førebelse analysen syner at fordelt på kommunar toppar Leikanger med 140 registrerte arkiv, medan Solund med sine 11 har botnplass.

Det er mange nyansar i dette biletet, som vi skal kome meir grundig attende til i ein eigen rapport. Men det bør bli understreka at privatarkiva i Arkivportalen ikkje inkluderer eksterne arkiv, dvs. privatarkiv oppbevarte i andre institusjonar. I alt har vi opp gjennom åra registrert omlag 2400 privatarkiv frå Sogn og Fjordane. Nær 30% av dei har andre depotstader enn Hermansverk. Til dømes har vi berre teke hand om 21 privatarkiv frå Jølster, men kommunen har sjølv 122 privatarkiv i si varveitsle, så i sum har Jølster i røynda fleire registrerte privatarkiv enn Leikanger