Historie er eit levande fag som stadig er i rørsle. Det er viktig at dei som skal passe fellesskapet sitt minne har ei solid forståing av samfunnsansvaret som føl med. Historiestudentar ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal har difor praksis som ein sentral del av deira utdanningsløp. Waagen og Tveit er ein del av det første kullet som får moglegheita til å ta del i historiefagleg syssel. – Eg ser fram mot å tileigne meg ny kunnskap, spesielt innan kjeldekritikk. Eg gler meg også til å utforske magasina og dei store mengdene historisk materiale som finst her, seier Waagen.
Dei neste to månadane skal Marcus Waagen og Josef Benoni Ness Tveit skaffe seg kjennskap til det viktige ansvaret historikarar har for å ta vare på og formidle fortida. Fokuset som studentane skal ha er formidling og i ein instutisjon som fylkesarkivet skjer dette på ulike måtar. Målet er at i løpet av perioden skal studentane få vere innom dei fleste av formidlingskanalane som fylkesarkivet brukar.
Nyttig for alle partar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er unikt med både kommunalarkiv, private samlingar, lyd, foto og meir. I tida som kjem skal dette foreinast med Hordaland fylkesarkiv i det nye fylket Vestland. – Eg gler meg til å ta del i arbeidsplassen, om ikkje anna for å få ei betre forståing av kva som ligg i arkiva og korleis vi kan hente ut kjelder. Eg har ikkje hatt aning om kor mykje som eigentleg er tilgjengeleg, berre ein leitar, seier Tveit.
Studentane skal få prøve seg på mellom anna digitalisering, å skrive artiklar, fotodokumentasjon og ordne arkiv. – Eg trur både høgskulen og arkivet kan få lærdom av dette, for ikkje å nemne oss studentar. Vi takkar for moglegheita til å få jobba på denne måte, seier Waagen. For fylkesarkivet er det viktig å kunne delta i praksisopplæringa for å vise oss fram som ein relevant arbeidsplass for historikarar og for å heile tida halde oss oppdaterte på kva som skjer i utdaninngsinstutisjoane.