Onsdag 8. februar 2017 skreiv Firda Tidend om eit oversyn over poststempel som har blitt nytta i fylket vårt. 511 poststader er registrert. Innsamling og registrering starta for 20 år sidan. «Kanskje litt spesielt for vårt bibliotek» tenkte eg først, men sidan kjøpte eg dei inn. Det er eg glad for i dag då boksendinga kom. For dette er ikkje berre ei historie om poststempel, det er ei postsoge for fylket, og ei lokalsoge med mange personopplysningar for dei som arbeider med slektssoge! Verket er no på 6 band, to for kvart futeri.

Det er utruleg alt Per Rune Vereide og Thoralf  Rye Alsaker har klart å samle og skrive ned av informasjon om postopneria. Her er historikken til postkontora med alle datoar og årstal. Dei har også kjeldetilvising for kvar opplysning. Postmuseet er oftast kjelde. Postopnarar er namngitt med tilsettingstid også fødselsåret på mange av dei. Vikarar har fått sin plass også og andre opplysningar som årsløn og mangel på løn. Så kjem avtrykk av stempla. Ein del av posthusa er fotografert.

Berre for Luster kommune er det registrert 21 postopneri og brevhus. Her finn vi eit «midlertidig brevhus» for Husmannsdagane 24.-26.8.1979. I Høyheimsvik opna postopneriet 01.04.1896 med Ole Zakariassen Næs (fødd 1846) som første styrar. Han fekk ikkje løn for arbeidet sitt før i 1900, dvs. han arbeidde gratis i fire år, då fekk han 200 kr. Pr. år. Luster sanatorium hadde eige postkontor heilt frå 1905 til 1958. Den første poststyraren var kontorassistent, frøken Sigrid Paache.

Endå så flott og innhaldsrik denne postsoga er, så fortset dei to karane med registrering og nedskriving av postsoge. Då vil dei ta for seg posthandsaming på båtar og handsaming av posten under krigen.

Posthistoria 6 band.jpg

Stempel Briksdalbreen.jpg