Kva skjer når fire musikarar får dykke ned i fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling med meir enn 16 000 lydopptak gjort frå 1921 og fram til i dag?

Musikarane Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde, Marita Vårdal Igjelkjøn og Viljar Losnegård vitja i april fylkesarkivet for å finne materiale som skal danne grunnlaget for ein heilt ny produksjon under Førdefestivalen; Perler av elde.

Musikkarkivar Synnøve S. Bjørset fortel at lydopptaka i arkivet har ulike kvalitetar som kan løftast fram og formidlast på mange måtar. Det er også med på gi musikkarven aktualitet på fleire plan.

- Ein musikar med bakgrunn frå jazz eller klassisk vil gjerne finne andre kvalitetar ved materialet enn ein som har bakgrunn i folkemusikken. Og det er jo kjempespennande! I dette prosjektet er vi på jakt etter desse ulike perspektiva, og vi håpar dei gamle opptaka kan inspirere til å skape noko annleis.

Å kjenne heimfylket på ein annan måte

_ARU0736.jpg

Perkusjonist Viljar Losnegård frå Dale i Fjaler hadde inga aning om kva han takka ja til då han fekk invitasjon til å vere med på prosjektet.

- Musikkarven i fylket har eg ikkje noko forhold til i det heile tatt, men det verka som eit spennande prosjekt. Så tenkte eg at det måtte vere ein fin sjanse til å bli kjent med heimfylket mitt på ein annan måte enn eg kjende det frå før.

- Eg arbeider mykje med sampling, og likar å skape nye ting av det andre har laga. I arkivet har eg lytta på alt frå musikk til intervju og samtalar. Det er veldig interessant å høyre kva og korleis ein spelemann tenkte om musikken og vidareføring av det han sjølv hadde fått frå eldre spelemenn.

Interesse for rare instrument

_ARU0780.jpg

Marita Vårdal Igelkjøn frå Førde har for det meste jobba med musikk innan heilt andre sjangrar enn folkemusikken. Ho er utdanna klassisk pianist, men har etter kvart utvida instrumentparken med fleire instrument.

- Eg har vore med på Førdefestivalen sidan starten, både som publikummar, artistkontakt og frivillig. Mykje av det eg har høyrt på festivalen har inspirert meg, og ikkje minst trur eg interessa mi for rare instrument kjem derfrå. Så det er ei glede å endeleg få vere artist på festivalen!

For nokre år sidan bestemde ho seg for å lære og spele på sag, og ho har etter kvart blitt veldig glad i dette nokså uvanlege instrumentet

- Sag var eit veldig populært instrument på 1920-talet, særleg i USA. Eg har leita etter dokumentasjon og opptak av utøvarar på sag i Norge, men har ikkje funne så mykje. Så dette er ei evig «skattejakt». Men her i arkivet fins det faktisk nokre få opptak av folk som spelar sag.

Tek med oldefar på festival

_ARU0758.jpg

Då trombonisten Helge Sunde voks opp i Stryn, var det korpsmusikken som dominerte. Gutestrekar og tilfeldigheiter skulle likevel føre til at han la sin elsk på fela.

- Det starta med eit innbrot i tyskarbrakka på ungdomsskulen ein sein haustkveld. Vi lirka opp døra til musikkrommet og fann eit lager av feler. Så pakka vi dei opp, og heldt ein improvisert og antakeleg nokså støyande konsert. Vi vart sjølvsagt oppdaga, og fekk ei passande «straff»: valfag fele.

Men at oldefaren var ein garva felespelar og etterlet seg ei rad med slåttar visste Sunde lite om der han tenåra øvde på både Vivaldi og Bach. 

- Som liten høyrde eg mange historier om oldefar min, Anderas Sunde. Dei handla om Keisar Wilhelm II og Slingsby som han laga klatreutstyr til i verkstaden sin på Flinten i Olden. Men seinare fekk eg ein konvolutt frå Arne M. Sølvberg som var full av transkripsjonar folkemusikksamlaren Arne Bjørndal hadde gjort etter han. Då gjekk det opp for meg at han må ha vore ein felespelar av rang!

I tradisjonsmusikksamlinga til fylkesarkivet har Sunde no funne opptak av mange ulike spelemenn som spelar slåttar etter oldefaren.

- Fela vart bytta ut med ein heilt nødvendig Volvo 142 73-mod. medan eg gjekk på Firda vgs. Og etter dette var det trombona, jazzen og storbandmusikken som tok all tida mi. Men oldefar skal få vere med ein tur innom komponistbingen min før vi tek ein sving nedom Førde på festival. 

Eit uendeleg skattkammer

_ARU0700.jpg

Britt Pernille Frøholm er felespelar frå Hornindal, og kvalifiserer som superbrukar av fylkesarkivet.  

- Arkivet er eit uendeleg skattkammer som eg aldri blir ferdig med å utforske, og det har vore veldig viktig for mitt virke som musikar. Fleire gongar har eg brukt opptak og notar frå samlingane som utgangspunkt for plateutgjevingar og andre prosjekt eg har gjort.

Tidlegare har Frøholm gjerne vore på jakt etter opptak med gode felespelarar som spelar tøffe slåttar, men seier at det i dette prosjektet har opna seg nokre nye moglegheiter.

- Eg har denne gongen heilt bevisst prøvd å finne fram til opptak med utøvarar som til no har vore ukjende for meg. Og eg har funne opptak med flotte songarar, folk som plystrar, og folk som fortel vakre historier på dei flottaste gamle dialektane. Det inspirerer!

Morosam, nostalgisk, vakker og overraskande

Musikarane si tolking av musikkarven vår får du høyre på Førdefestivalen fredag 5. juli. På konserten «Perler av elde» i Høgsalen på Sogn og Fjordane kunstmuseum får publikum nyte både lyden av fortida og heilt nylaga musikk. Skal vi tru musikarane, blir det ein både morosam, nostalgisk, vakker og overraskande konsert!

Direktør for Førdefestivalen, Per Idar Almås, gler seg også, og seier prosjektet er heilt i tråd med kjernen i festivalen sin profil.

- Vi skal vere med og forvalte dei lokale, regionale og nasjonale folkemusikktradisjonane, på same tid som vi skal vere med å støtte ei utvikling av sjangeren. Dette prosjektet, med musikarar som har så ulik bakgrunn, gjev oss ei kjempemoglegheit til å ta pulsen på impulsane!

Høyr reportasje frå arkivdykket på NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending 26. april.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Førdefestivalen, og er støtta av Norsk kulturråd.

Alle foto: Arve Ullebø / Førdefestivalen