Frå og med 01.01.2020 vert nedslagsfeltet til fylkesarkivet utvida til også å femne om noverande Hordaland. På møtet 4. juni fekk dei tilsette høve til å bli betre kjent med den nye toppleiaren. Samstundes fekk Per Morten høve til å bli endå meir kjent med fylkesarkivet. 

Sjølv om det sjølvsagt er litt vemodig å ta farvel med Sogn og Fjordane, er det all grunn til å sjå lyst på det arbeidet som skal gjerast i Vestland Fylkeskommune. Utfordrande, heilt klart, men lystbetont!