Arkivet etter Sunnfjord og Ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll er ferdig ordna og på plass i Fylkesarkivet sitt magasin.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har ordna arkivet etter Sunnfjord og Ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll i haust, og 1.november var arkivet ferdig ordna, registrert og etikettert. Vel 30 hyllemeter med arkiv har no fått ei trygg deponering for ettertida i Fylkesarkivet sitt magasin.
Sunnfjord og Ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll var eit interkommunalt selskap med dei 10 kommunane Førde, Naustdal, Askvoll, Flora, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Solund og Gaular. Selskapet vart skipa i 1983 og vart sett i drift frå 1.mai 1985. Sunnfjord og Ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll eksisterte fram til 2004, då oppgåvene vart lagt til det nyoppretta Mattilsynet. Det statlege forvaltningsorganet mattilsynet var eit resultat av ein samanslåing av Statens næringsmiddeltilsyn, Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn og dei kommunale næringsmiddeltilsyna.
Etter ei omorganisering i 2015, ligg næringsmiddelkontrollen for kommunane i Sogn og Fjordane organisatorisk per i dag under Mattilsynet Sør og Vest.
Fylkesarkivet takkar Førde kommune for oppdraget med å ordne arkivet etter kjøt- og næringsmiddelkontrollen i Sunnfjord og Ytre Sogn.
- Arkivet ferdig oppstilt i magasinet
- Ordningsarbeidarane Kyrre Gallefoss Vangsnes og Nils Olav Nygaard limer etikettar på arkivboksane før arkivet vert deponert i magasinet til Fylkesarkivet.