Skit, støv, urein luft og for høg eller skiftande temperatur og fukt kan føre til skadar på lagringsmedium for lyd- og film.

Dersom du oppbevarer ulike typar lagringsmedium i fysiske format, bør du skilje dei frå kvarandre ut frå kjemisk type. Det vil seie at magnetband, 78-plater, vinylplater, acetatplater, CD/DVD bør oppbevarast kvar for seg, slik at du kan sikre dei at dei ulike formata får rett klima. 

Det er dessutan viktig at du held magnetberarar, som til dømes videokassettar og lydband, isolert frå moglege magnetfelt.