Frilansmusikar og -dansar Ole Nilssen har teke med seg trekkspelet, toradaren, einradaren og danseskoa frå Løten og Hedmark, og slått seg ned i trivselsfylket. Med seg i bagasjen har han også ein rik musikktradisjon frå sine heimtrakter, og han har i ei årrekkje brukt arkivkjelder som notar og opptak som inspirasjon. 

- Det er noko med spenninga, det at du aldri veit kva som møter deg rundt neste hjørne. Gleda over å oppdage ein slått, eit vek eller eit motiv du aldri har høyrt før. Det er alltid noko nytt å finne, på alle plan. Heldigvis!

Historisk sus i slåbrok

Å lytte til arkivopptak kan vere ei krevjande øving for eit utrent øyre, og det er langt mellom polerte og vakre lydbilete slik vi som oftast høyrer det på plate og i radio. Men bak suset på dei gamle opptaka ligg det mange musikalske perler som etter kvart gjer at støyen forsvinn som dogg for sola. Musikken er så sterk at den overdøyver alt. Den krev di merksemd!  

- Du veit, eg høyrer på arkivopptak slik andre folk høyrer på NRK P1. Det er heilt topp å suse rundt i slåbrok, koke kaffi og høyre på opptak med spelemenn fødd for meir enn 100 år sidan!

På spelelista står det musikk frå både Hedmark og Sogn og Fjordane; Historiske opptak av utøvarar på trekkspel, durspel, song, felemusikk har alle vore med på å forme Nilssen som musikar.

Durspeltradisjonen i Sogn

For ein folkemusikkutøvar er det alltid spennande å kome til ei ny plass og oppdage nye musikalske dialekter. Til liks med språket, har musikken ulike dialektar alt etter kvar du er i landet. Språket er det same, men det kling ulikt.

- Det er ikkje til å kome vekk frå at eg er over snittet interessert i durspelmusikken, og då spesielt einradarspelet. Og det var veldig kjekt å oppdage at det i Sogn fins ein solid durspeltradisjon, kanskje ein av dei rikaste i landet. Om det ikkje er så mange utøvarar som er dokumentert, så har dei kvar for seg eit stort repertoar samstundes som dei deler felles stiltrekk.

Dei omtala utøvarane er Nils O. Kvamme (1899-1984), Petra Nesse (1892-1982) og Johannes Brugrand (1886-1971) frå Lærdal, og Johannes Stedje (1894-1981) frå Sogndal. Både NRK og private samlarar gjorde opptak med desse slik at musikken vart sikra og bevart for ettertida.

- Dei var svært gode utøvarar, både teknisk og musikalsk. Og eg vart faktisk litt overraska over at så få brukar dette materialet i dag. Det har gjeve meg ein ekstra motivasjon til å gripe tak i dette materialet.

Vandreslåtten «Storren»

Springaren «Storren», også kalla «Storreguten», skal vere laga av årdølen og hardingfelespelaren Tomas Tangen. Den har blitt ein typisk vandreslått, og du finn han att i store delar av landet, i mange ulike former, og framført på fleire instrument enn fela.

- Både Brugrand, Kvamme og Nesse spelar «Storren», og eg tykkjer Brugrand si form er særleg vakker. Likevel har eg funne fine detaljar og variasjonar hjå dei andre som eg har teke med meg inn i mi eiga form. Det er eit privilegium å kunne arbeide slik!

Nilssen er ikkje åleine om å nytte seg av moglegheita teknologien og arkiva gjev til å gjere reiser i tid og rom. 

- Arkivet er ein av dei aller viktigaste institusjonane for vår musikksjanger, og det trur eg alle folkemusikarar må vere samde i. Her ligg det dokumentasjon av eit stort materiale som strekkjer seg over ein lang tidsperiode og mange epokar. Dette gjev oss eit heilt unikt innblikk i ein tradisjon som er i stadig endring. Vi står i notida, men kan sjå bakover samstundes som vi rører oss inn i framtida.