Fotograf Olai Fauske (1887-1944) er ein av dei viktigaste historiske fotografane frå Sogn og Fjordane. Han var nær einerådande som fotograf i Sunnfjord i tiåra først på 1900-talet og hadde kundar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt i det norske Amerika. Gjenstandane frå Fauske sitt atelier er i dag bevart hjå Sunnfjord Museum, medan negativ- og bedriftsarkivet er bevart hjå fylkesarkivet. Bli med inn i Fauske sitt fotografiske univers!

Olai Fauske (1887-1944) from Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane on Vimeo.

Video/redigering: Javad Montazeri.
Manus: Javad Montazeri og Elin Storøstevik.