Utforsk webarkiv for musikk på denne lenkja.

Fylkesarkivet var tidleg ute med å tilby publikumstenester på nett, og lanserte sitt første webarkiv for musikk allereie på 1990-talet. Sidan den gongen har det vore ei rivande teknologisk utvikling, og med det nye webarkivet har vi gjort oss nytte av ny teknologi for å skape ein betre funksjonalitet.

- Det nye webarkivet har funksjon både som visningsside for publikum og som fagsystem for musikkarkivaren. Det visuelle uttrykket har fått ei sårt trengt oppgradering, men det mest banebrytande ligg på «baksida» i systemet. Vi har vaska mykje data for å auke datakvaliteten, og har i tillegg revidert logikken i systemet. Resultatet er at vi kan gjere betre avanserte søk og få ei treffliste med høg relevans på treffa, fortel seniorrådgjevar og musikkarkivar Synnøve S. Bjørset.

Etterspurd teneste

Då den førre nettløysinga for musikk vart teken av nett i 2018, fekk vi etter relativt kort tid reaksjonar frå publikum som etterspurde katalogtenesta. Som registreringsverktøy hadde systemet då vore «daudt» i fleire år, og lydmateriale avlevert til arkivet i denne perioden har såleis ikkje blitt ferdig registrert.

- Det har vore ein uheldig situasjon, og eg har verkeleg sett veldig fram til å få eit nytt verktøy for å registrere alt det spennande og verdfulle materialet som har blitt avlevert dei siste åra. Her er det mange godbitar som ventar på nye lyttarar – og noko av materialet dokumenterer utøvarar som «ingen» har høyrt etter at dei gjekk ut av tida, seier Bjørset entusiastisk.

Med det nye webarkivet lansert kan utøvande og skapande musikarar, studentar, forskarar og andre interesserte på ny utforske den dokumentasjonen av denne unike delen av kulturarven vår.

Opphavsrettslege avgrensingar i ei digital verd

Ei kjerneoppgåve for arkiva er å gjere kjeldematerialet tilgjengeleg for publikum, slik at alle til ei kvar tid har lik tilgang til informasjon og kunnskap om historia og kulturarven vår. I denne samanhengen er digitale plattformer eit svært viktig verktøy.

Men sjølv om teknologien legg til rette for det, har fylkesarkivet likevel ikkje publisert sjølve lydfilene i webarkivet. Dette skuldast i all hovudsak at det er ei rekkje opphavsrettslege avgrensingar knytt til eit slikt materiale.

- Åndsverkloven regulerer opphavsrett og nærståande rettar, og musikk har som verk og som framføring vern i denne lova. Mykje av lyddokumentasjonen i tradisjonsmusikksamlinga inneheld musikk der komponisten er ukjend eller vernetida for verket har gått ut. Samstundes har utøvaren si framføring også vern, og denne vernetida må vi respektere.

For dei aller fleste framføringane gjeld likevel at fylkesarkivet har fått løyve frå rettshavar til å formidle kopiar til privat bruk og ikkje-kommersielle føremål, og nokre har i tillegg gitt løyve til av vi publiserer lytteprøver i webarkivet. Slik kan altså publikum få tilgang til materialet utan at det kjem i konflikt med vernet det har i åndsverkloven.

Seks nye webarkiv

Webarkiv for musikk er eitt av dei seks nye webarkiva som fylkesarkivet i samarbeid med InterFoto utviklar med FotoWeb som dataplattform. Webarkiv for foto vart lansert alt i februar 2020, og no står webarkiv for amerikabrev, møtebokregister, lag og organisasjonar og media for tur.

 

Webarkiv for musikk er ei ny teneste, og vi veit at det kan førekome feil som vi ikkje har oppdata ved eiga testing. Kjem du over feil, set vi stor pris på om du vil melde frå til musikkarkivar Synnøve S. Bjørset på e-post slik at vi kan rette dei.