Utforsk webarkiv for foto på denne lenkja.
Fotoarkivar Hedvig Ølmheim fortel at det nye webarkivet har fått ei visuell oppgradering, men at publikum likevel vil dra kjensel på funksjonalitet og visning.
- Det mest banebrytande med dette webarkivet er kanskje det som finst på baksida, og som publikum ikkje ser. For parallelt med å vere ei visningsside, har denne løysinga
også ein fullverdig registreringsmodul der både arkivfiler og metadata er samla på ein stad. Webarkivet fungerer såleis som eit fagsystem for fotoarkivaren.
Ny teknologi
Fylkesarkivet var tidleg ute med å tilby publikumstenester på nett, og lanserte sitt første webarkiv for foto allereie i 1997. Sidan den gongen har det vore ei rivande teknologisk utvikling, og den nye løysinga kan knappast samanliknast med dei første tenestene på dette området.
Webarkivet er utvikla i samarbeid med InterFoto, og vår IKT-rådgjevar Geir Utmo fortel at løysinga vi no lanserer nærast er som ein revolusjon å rekne når det gjeld våre moglegheiter til å administrere data.
- Webarkivet nyttar programvara FotoWare som plattform. Med dette har vi gått vekk frå den tradisjonelle relasjonsdatabasen, og nyttar no teknologi som kan skildrast som datasiloar med indeksert data. Det gjev oss heilt andre utsikter for vidare utvikling enn tidlegare.
Publikumsbidrag aukar verdien
Seksjonssjef Arnt Ola Fidjestøl gler seg også over nylanseringa, og slår fast at fylkesarkivet med dette er med på å realisere målet om å gjere kjeldemateriale tilgjengeleg for flest mogleg til ei kvar tid.
- I webarkivet er det lagt opp til at publikum kan kome med informasjon om fotoa, og dette er verdfulle bidrag som er med på å auke verdien til fotosamlingane vi forvaltar. Dess meir relevant informasjon vi kan registrere om eit foto, fotomotivet og avbilda personar, dess breiare og betre blir samfunnsdokumentasjonen og den kulturhistoriske verdien til materialet.
Vi på fylkesarkivet håpar alle brukarane våre vil ha glede av det nye webarkivet, og ser fram til å halde fram arbeidet med å publisere kulturhistoriske foto frå Vestland!