Løyvinga frå Norsk kulturråd sine kulturvernmidlar skal gå til eit samarbeidsprosjekt for å digitalisere delar av eit stort negativarkiv med motiv frå Etne i Sunnhordaland.

Lokalhistorisk viktig fotosamling

Ekrheim var ein sentral fotograf i Etne, og byrja å fotografere heilt tilbake i 1913. Gjennom eit langt og innhaldsrikt virke har han dokumentert menneske og hendingar i Etne og omeign. Etne kommune og Etne Sogelag har jobba med dette arkivet i lang tid, og dei har tidlegare gjort ein stor jobb med å formidle foto frå denne samlinga lokalt ved å framkalle ein del bilete på papir og gjere dei tilgjengelege for publikum. På grunn av dette har det komme inn mange og gode opplysningar om bileta, som gjer Ekrheim-arkivet endå meir interessant og rikt på informasjon.  

Digital tilgjengeleggjering

No er tida komen for å lage gode digitale kopiar av negativa, og få både bilete og opplysningane knytt til dei ut til eit breitt publikum gjennom fylkesarkivet sitt webarkiv. Arkivet etter Ekrheim er eit enormt materiale på over 30 000 negativ, og sjølv om ikkje alle desse bileta blir digitalt tilgjengelege i denne omgangen, vil dei løyvde midlane gjere ein stor skilnad for arbeidet. Arkivet i sin heilheit vil også i samband med prosjektet flyttast til fotomagasin, og på denne måten bli oppbevart på best mogeleg måte.   

Vestland fylke

Spesielt kjekt er det at prosjektet skal løfte fram foto frå ein av dei den aller sørlegaste kommunane i nye Vestland fylke, og dette materialet blir eit godt tilskot til det noko Sogn og Fjordane-tunge webarkivet til fylkesarkivet. Ekrheim-bileta vil her bli tilgjengelege for søk og utforsking, og ikkje minst samanlikning med andre foto i webarkivet, for både dei i Etne og alle andre med interesse for kulturhistoriske foto.